Hopp til innhold

Orkan x 2 og vel så det!

Då det bles som verst om kvelden første juledag vart det målt vindstyrke på 84,8 meter pr sekund på Kråkenesfjellet i Vågsøy.

Orkanskader på Kvalheim i Vågsøy

ORKANSKADE: Ikkje rart det såg slik ut på Kvalheim etter at Dagmar hadde passert.

Foto: Endre Kvalheim

Det er på ei av vindmøllene på Mehuken vindmålaren har registrert den ekstreme vindstyrken, fortel Nils Petter Kvalheim, som jobbar i SFE.

Orkan frå 32,7 meter i sekundet

Når vi veit at det er orkan frå 32,7 meter i sekundet, så var vinden på Kvalheimsfjellet oppe i nesten tre gonger orkans styrke. (Sjå Beaufortskalaen ).

Og det var ikkje noko kortvarig blaff, for vindmålaren måler ikkje vindkast på under ti sekund.

Det var på mølle nummer fire, det vil seie den som står nest høgst oppe, vinden vart målt.

Skade på eine mølla

Orkanen gjorde skade på venga til den eine vindmølla på Mehuken. Dette var på mølle nummer ein, den som er nærast vegen over Kvalheimsfjellet.

Vindmøller på Mehuken i Vågsøy

Den ekstreme vindstyrken vart målt på mølla som er nummer fire frå høgre.

Foto: Ottar Starheim / NRK