Folkemøtet på Byrkjelo er det første av tre som kommunen arrangerer i samband med kommunereforma og folkerøystinga 30. mai.
Tema er kommunesamanslåinga mellom Eid og Gloppen. Kring 50 personar møtte.
– Breimningane er engasjerte folk og plar stille på folkemøte. Kjenner eg dei rett, så får vi tydeleg tale, seier ordførar Leidulf Gloppestad (Sp).
Ynskjer ein god arena
Gloppestad er sjølv motstandar av kommunesamanslåinga og opnar møtet saman med rådmannen der dei orienterer om prosessen og forhandlingane. Deretter blir det opna for debatt og spørsmål.
Gloppestad er klar på at han har ei nøytral rolle under møtet. Han er spent på kva spørsmål som ventar.
– Eg har mi meining og den er verken hemmeleg eller overraskande, eg er skeptisk, men det som er viktig no er å få ein god arena og god diskusjon så folk får gi beskjed og godt råd 30. mai, seier han.