Hopp til innhold

Ordføraren får krass kritikk frå professor etter SMS-møtet

Professor i offentleg rett, Jan Fridthjov Bernt, meiner at det var brot på all skikk då ordføraren i Flora kalla inn til møte via SMS i Nødseth-saka.

BERNT-UTVALGET

FÅR KRITIKK: Professor Jan Fridthjov Bernt meiner at ordførar Bengt Solheim-Olsen ikkje følgde rett forvaltningsskikk i samband med det omdiskuterte møtet i Florø søndag kveld.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

– Det er jo klart i strid med alt som er vanleg god forvaltningsskikk i kommunane. Innkalling til møter er eit offentleg dokument, så ein kan ikkje berre kalle folk saman med ein telefon eller ei tekstmelding, seier Bernt til NRK.

I dag avslørte NRK at gruppeleiarane i Flora bystyre vart kalla inn via tekstmelding og telefon til eit «hemmeleg» møte om framtida for Jacob Nødseth si framtid i Flora-politikken.

Det vekte oppstuss på møtet at både Nødseth sjølv og NRK møtte fram på møtet, som på ingen måte var varsla offentleg.

– Utanom alt av lover og reglar

– Ein skal ha eit eige dokument som er ei innkalling. Ein kan sjølvsagt formidle den på e-post eller på andre måtar, men den må også då samstundes journalførast i kommunen, og på den måten vere tilgjengeleg for presse og andre interesserte, seier Bernt.

Under møtet bad ordførar Bengt Solheim-Olsen om råd til korleis han skulle handsame eit vedtak frå kontrollutvalet i kommunen, som i skarpe ordelag går i rette med Nødseth som leiar i helse- og sosialutvalet i kommunen.

– Eg forstår ikkje kva dei skulle kunne vedta i høve ein folkevald som ein er misnøgd med, og eg er i alle fall heilt trygg på at framgangsmåten ein her har vald er heilt ukorrekt. Den er heilt utanom alt som finst av lovar og reglar, og korleis kommunal sakshandsaming skal finne stad, meiner professoren.

– Ikkje ei sak for kommunen

Han er rekna som landets fremste ekspert på offentleg forvaltning, og er svært kritisk til måten ordføraren kallar inn til eit møte, som ikkje ein gong har ei sakliste eller mynde til å fatte vedtak.

– Dette er jo ikkje ei sak for kommunen. Først og fremst er dette ei sak som dreier seg om politisk strid, delvis internt innanfor partiet Høgre og delvis da i høve sentraladministrasjonen i Flora. Eg skulle gjerne likt å visste kva dei eigentleg trudde dei kunne gjere i eit slikt møte, seier Bernt.

– Ekstremt kjedeleg og vanskeleg

Ordførar Bengt Solheim-Olsen tek kritikken frå professoren til etterretning, og peikar på at han meiner at møte med alle gruppeleiarane ikkje kan kallast eit formelt kommunalt organ.

– Eg har, som dei fleste er kjende med, fått eit vedtak frå kontrollutvalet i det eg ser på som ei ekstremt kjedeleg og vanskeleg sak. I den samanhengen så sjekka eg då om gruppeleiarane i bystyret kunne møte meg i helga for å diskutere korleis eg skulle ta saka vidare i det politiske systemet, seier Solheim-Olsen til NRK i dag.

Jakob Nødseth

VIL HA DIALOG: Jacob Nødseth meiner at både partiet hans Høgre, og rådmannen må vere opne for ein dialog for å finne ei løysing på striden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kritisk til prosessen

Då NRK til slutt slapp inn på gruppeleiarmøtet i rådhuset i Florø søndag kveld, fekk ordføraren klar beskjed frå dei andre gruppeleiarane i dei ulike partia om å halde Nødseth-saka unna bystyret.

– Eg er med på det rådet at ein ikkje tek det til bystyret, og så meiner eg vi ikkje skal diskutere anten ein skal avsetje Nødseth eller noko som helst. Eg trur ikkje at ein kan avsetje ein i eit utval, og ein kan ikkje berre avsetje heile utvalet heller, sa tidlegare ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap).

Vil tenke seg om

Både ho og dei andre gruppeleiarane, utanom Høgre, gav si klare tilbakemelding til ordføraren. Frank Willy Djuvik (Frp) meinte jamvel at dette var noko av verste han hadde vore med på i sitt politiske liv.

Etter kritikken frå professor Jan Fridtjov Bernt innser no ordføraren at dei nok har vore litt på kanten når dei har praktisert denne måten å arrangere møter på blant dei leiande politikarane i bystyret.

– Vi har hatt hundrevis av gruppeleiarmøte dei seinare åra, som ikkje har vore synt så stor interesse for, for å seie det mildt. Eg skal sjølvsagt tenke nøye gjennom før eg i det heile tatt legg opp til fleire gruppeleiarmøte, slår ordføraren fast.

Vil framleis ha dialog

Hovudpersonen sjølv, Jacob Nødseth, seier at han er skuffa over sine eigne partikollegaer som prøver å skvise han vekk frå vervet som leiar i helse- og sosialutvalet i Flora.

No vonar han at ein kan få til ein dialog mellom politisk- og administrasjon i kommunen.

– Ordføraren har sagt at det er viktig å vere ryddig i denne saka, det er eg heilt samd med han i, og håpar også dette skal gjelde partiet Høgre. Eg har tydeleg opplevd at gruppeleiarane i bystyret har sagt at vegen til å få til ei betre samhandling mellom politikk og administrasjon er betre dialog, seier Nødseth til NRK.