NRK Meny

Optimistisk trass kneskade

Marius Vedvik har fått att trua på å rekke banesesongen. Han skriv på bloggen sin at han undersøkingar viser at han har overbelastning i muskelfestet over kneet. Vedvik har hatt ein skade i kneet sidan 2. mars, som gjorde det umogleg å springe. Behandlinga er med nåler og massasje, og det er uvisst kor lang tid det vil ta. – Men svaret gav meg trua på at det er mogleg å rekke banesesongen, skriv Vedvik.

Marius Vedvik på 10.000 meter
Foto: Rune Fossum / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune