Hopp til innhold

Optimist etter statsekretærbesøk

Nordic Mining-direktør Ivar S. Fossum er optimistisk, trass i at Næringsdepartementet ikkje vil gi klarsignal til gruvedrift i Naustdal før dei veit om det er forsvarleg miljømessig

Engebøfjellet og Ivar S. Fossum

OPTIMIST: Ivar S. Fossum, adm. dir. Nordic Mining er nøgd etter møtet med statssekretær Eirik Lae Solberg (H).

Foto: Fotomontasje

– Vi blei veldig trygge på at regjeringa ynskjer å følgje opp næringa, seier Fossum.

Fredag møtte statssekretær Eirik Lae Solberg (H) i næringsdepartementet Nordic Mining i Naustdal. Det planlagde gruveprosjektet er omstridd fordi selskapet vil dumpe millionar av tonn med stein i Førdefjorden.

Nordic Mining-direktør Ivar Fossum seier han fekk kjensla av at statssekretæren vil vere med på å starta gruvedrift i Naustdal.

– Samstundes så skjønar vi jo at nye folk også må setje seg godt inn i prosjektet, seier han.

Under vitjinga i Naustdal sa statssekretær Eirik Lae Solberg i Næringsdepartementet at han vil vente på den siste utgreiinga.

Fossum peikar på si side på at det ikkje er Næringsdepartementet, men andre departement som har saka.

– Så det er jo fleire som skal setje seg inn i prosjektet og dei nye målingane. Eg er svært godt nøgd med at dei tok turen hit til Naustdal for å høyre meir om prosjektet, seier Fossum