Hopp til innhold

No har dei hatt oppvaskmøte om den betente konflikten i kommunen

Aurland kommune ber KS om hjelp for å rydde opp i ei betent konflikt mellom ordføraren, leiaren i partiet hans og rådmannen.

Rådmann Steinar Søgaard og ordførar Noralv Distad (H)

SKAL FÅ HJELP: Rådmann Steinar Søgaard og ordførar Noralv Distad (H) skal få hjelp av KS for å rydde opp i den betente konflikta mellom dei to og Høgre-leiar i Aurland, Monica Finden.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Før påske fekk rådmann Steinar Søgaard krass kritikk av ordføraren som meinte han blanda seg inn i politikken i kommunen.

Ordførar Noralv Distad (H) seier dei skal lage reglar som hindrar at slikt kan skje.

– Vi er ein liten kommune, og då må vi ha gode formelle og uformelle spelereglar.

– Eg trur ikkje vi skal oppleve tilsvarande saker som vi har hatt no, det er vi ikkje tente med, seier Distad til NRK.no.

– Viktig at dei kjenner det på kroppen

Saka som høgreordførar Noralv Distad snakkar om, er ein konflikt mellom han, leiaren i partiet hans, Monica Finden og rådmannen Steinar Søgaard

Eit portrettintervju med Finden var det som starta konflikten. I Sogn Avis uttalte ho at det var trist at så mange sentrale personar i Aurland, inkludert rådmann, banksjef og andre sentrale personar innan reiselivet skatta til andre kommunar.

– Dei som har topposisjonar i Aurland, det er viktig at dei kjenner på kroppen korleis ting er her. At dei heilt eller delvis er busette her, for då får dei meir tilbakemeldingar frå innbyggjarane, sa Finden.

Bad ordføraren gripe inn

Uttalen fekk banksjefen i bygda til å reagere. Han sende e-post og bad ordføraren gripe inn. Det likte ordførar Noralv Distad dårleg.

I etterkant av e-posten uttalte han til Sogn Avis at han måtte tenkje seg nøye om før han klarte forfatte eit nøkternt og sakleg svar på e-posten.

– Eg har aldri opplevd maken, sa Distad.

«Tura fram på denne måten»

Også rådmann Steinar Søgaard reagerte på intervjuet med Finden. Han tok uttalane frå Finden personleg, og også han sende e-post til ordføraren. Her bad han om eit møte og tykte det var trist at Finden fekk «tura fram på denne måten», slik han skreiv i e-posten.

– Eg reagerte jo sterkt der og då når eg leste det, og eg sende ein e-post som sjølvsagt var meint internt, har Søgaard tidlegare sagt til NRK.no om kontakten med ordføraren.

Ordførar Noralv Distad reagerte skarpt.

– Ein kan ikkje gå inn på denne måten og avgrense den soleklare retten ein har som folkevald til å ytre standpunkt og meiningar, sa Distad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Monica Finden

KRITISK: Monica Finden uttalte seg kritisk om at fleire sentrale personar i Aurland budde andre stader enn i kommunen.

Foto: Vidar Gudvangen

– Ei skikkeleg utlufting

Sist torsdag var det tid for oppvask i formannskapet, som er rådmannen sitt arbeidsgivarorgan i Aurland. Etter halvannan time med diskusjon med bak lukka dører, var rådmann Steinar Søgaard glad for oppreinskinga.

– Eg er veldig glad for at vi har fått ei skikkeleg utlufting, og fann ut korleis vi skal jobbe konstruktivt saman framover. Det er eg sikker på at vi får til, seier han til NRK.no.

I oppvaskmøtet gjorde Søgaard i detalj greie for kva han meinte med å sende den etter kvart berømte e-posten til ordføraren. Han vil halde fram med å ta opp ting med ordføraren, men framtidige e-postar vil truleg bli skrivne i litt meir diplomatiske vendingar.

– Sjølv om den e-posten vart send som den vart, så vil eg kunne ta opp ting med ordføraren, det er vi samde om.

– Dette er fortid

– Angrar du på den e-posten?

– Eg har tidlegare sagt at eg kanskje var litt skarp, men eg ville gjerne ha eit møte og det var det som var utgangspunktet.

– Eg er ikkje interessert i å diskutere dette meir. Dette er fortid, no må vi finne løysingar og gode samarbeidsordningar framover, seier rådmannen til NRK.no.

Ber KS om hjelp

Aurland kommune skal i løpet av året vedta ein arbeidsgivarstrategi med spesifikke køyrereglar som skal hindra at politikk og administrasjon blir sausa saman.

Kommunesektorens organisasjon, KS, blir også kopla inn i ryddejobben.

– Vi har prøvd ordne dette sjølv, men no ser vi at det kanskje er behov for at dei kan hjelpe oss litt med å finne ut kva som er lurt gjere når vi kjem i slike situasjonar, seier Søgaard.

Fryktar ikkje for omdømet

Om to veker kjem ordførar Noralv Distad til å orientera kommunestyret om oppryddingsarbeidet. Han trur ikkje omdømet til toppolitikarane og rådmannen i Aurland er svekka.

– Eg kjenner innbyggjarane i Aurland slik at eg trur dei er opptekne av bygda si framtid og at vi skal ha eit godt omdøme.

– Eg trur at heile Aurland kommune vil applaudere at vi på ein konstruktiv måte går vidare for å utvikle denne fantastiske kommunen vår, seier Distad.

Lite imponert

Men utanfor rådhuset var ikkje folk like imponert over korleis Distad, Finden og Søgaard hadde handtert konflikten om kvar dei mektige i kommunen burde bu.

– Det er ikkje noko god reklame. Det går an å snakke saman utan å gå i avisa, seier ein mann.

– Det gagna ikkje kommunen på best måte. Eg trur dei fleste aurlendingane er litt flaue for korleis diskusjonane har kome ut i media, seier ein annan.