Hopp til innhold

Oppturen let vente på seg

I dag blir næringsbarometeret for Sogn og Fjordane lagt fram. Det er eit dokument som mellom anna fortel om eit næringsliv med låg investeringsvilje og forventningar som er lågare enn under finanskrisa.

Næringsliv i Sogn og Fjordane

TILBAKE TIL START: For tredje måling på rad ligg forventingane i Sogn og Fjordane lågare enn under finanskrisa. (Illustrasjonsfoto)

Foto: NRK

Banksjef for næringslivet i Sparebanken Sogn og Fjordane, Kjetil Bjørset, har vore med på å lage barometeret.

– Forventningane i bedriftene er ganske nøkterne. Investeringar er ein temperaturmålar for situasjonen hos dei. Alle bedrifter treng å fornye seg og investere. Blir den faktoren ståande i ro, er ikkje det eit godt teikn for utviklinga, seier han til NRK.no.

Det rykande ferske næringsbarometeret viser at den store oppturen let vente på seg. For tredje måling på rad ligg forventingane i Sogn og Fjordane lågare enn under finanskrisa.

Siste toppmåling var i 2011. Sidan då har forventingane gått kraftig ned. Årets mai-måling viser ikkje teikn på betring med det aller første. Låg investeringsvilje og forventingar om færre nye tilsette trekkjer ned. Mai-barometeret viser også ein annan tydeleg tendens.

Der det tidlegare har vore til dels sprikande forventingar næringane i mellom, har næringane no vorte meir samkøyrde. Unntaket er landbruk, fiskeri og offentleg sektor, som alle har negative forventingsindeksar.

Færre i arbeid

Indikatoren over tilsette er den einaste som viser klar tilbakegang sidan mai i fjor. Berre 19 prosent ventar å auke talet på tilsette framover. 12 prosent ventar reduksjon i arbeidsstokken. Isolert sett er dette kan hende lite dramatisk.

Men ser ein det i samanheng med reduksjonen i sysselsettinga og ei svakt stigande arbeidsløyse, gir det ei viss grunn til uro. Frå siste kvartal i fjor til første kvartal i år gjekk sysselsettinga ned med 1 000 personar. Arbeidsløysa har på si side auka med fem prosent så langt i år.

Vågar ikkje investere

Det er framleis låg investeringsvilje i fylket. Manglande investeringar uroar også bankane, som opplever lågare etterspurnad etter lån til investeringar frå næringsdrivande.

Direktør for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, Kjetil Bjørset, stadfestar dette.

– Det er låg etterspurnad etter næringslån. Vi har ingen vekst i utlåna til næringslivet. Og det er ikkje banken det står på, seier Bjørset.

Ifølgje næringsbarometeret kan fylket sin relativt svake posisjon i oljeretta næringar, samanlikna med til døme, også innverke på utviklinga.

Fleire folk til varehandel

For dei som driv varehandel og privat tenesteyting, ser det lysare ut. Denne næringa viser størst positiv endring frå mai i fjor. Det er fleire i år som ventar auke både i omsetnad og talet på tilsette. 20 prosent ventar å auke talet på tilsette framover.

Samstundes har ei av ti verksemder i næringa opplevd rekrutteringsvanskar dei siste tre månadene, ifølgje Bedriftsundersøkinga.

Oljesmurt optimisme

Også i industrien er optimismen større enn for eitt år sidan. Det er også her det er flest optimistar i årets mai-måling.

Næringsbarometeret viser likevel at investeringslysta er stigande og fleire trur på høgare omsetnad og betre lønsemd.

Men industrien er ei stor og samansett næring som omfattar så ulike verksemder som næringsmiddel- og tekstilprodusentar, verftsindustri, metallindustri og kraftprodusentar. Det er difor truleg store variasjonar mellom ulike delar av industrien. Det er eit klårt skilje mellom verksemder med tilknyting til oljesektoren og andre delar av industrien.

Eksportnæringa trur på betring

Overraskande nok viser Næringsbarometeret at optimismen er større blant eksportverksemdene enn blant verksemder utan eksport. I mai i fjor hadde eksportverksemdene ein sterkt negativ forventingsindeks. Men i år peikar pilane opp og langt fleire ventar oppgang enn nedgang.

Bedriftsundersøkinga viser også at ei av fire eksportverksemder trur eksporten vil ta seg opp framover.

Størst nedgang i transportnæringa

Den største nedgangen i forventingane finn vi i transportnæringa. Nedgangen skuldast først og fremst at det er langt færre som ventar å tilsetje nye medarbeidarar framover.

– Kanskje ser vi her utslaget av rekrutteringsvanskane som mange transportverksemder opplever. 16 prosent melder at dei har mislukkast med rekruttering dei siste månadene, og estimat frå NAV viser at fylket manglar 75 transportarbeidarar, står det i Næringsbarometeret.

Vil ha lågare eigenkapital

Innanfor bygg og anlegg er det også færre optimistar. Langt færre ventar auke i arbeidsstokken og høgare omsetnad. Samstundes viser NAV sine utrekningar at næringa manglar 125 arbeidstakarar. Dei reduserte forventingane skuldast truleg vanskane mange har med å skaffe kvalifisert arbeidskraft.

Dagleg leiar i Gravdalgruppa, Bodil Kidøy Lunde, stadfestar det.

– Det er vanskeleg å få tak i kompetent personell. Bransjen manglar alt frå fagarbeidarar som tømrarar og betongarbeidarar til ingeniørar med bygg- og anleggskompetanse. Det bidreg nok til å trekkje forventingane ned, seier ho i pressemeldinga.

Ho ønskjer at kravet om 15 eigenkapital på kjøp av nye bustader er urimeleg.

– Det er urimeleg at det er same krav til eigenkapital ved kjøp av nye bustader som brukte. Det er større risiko knytt til brukte bustader, sidan dei har større vedlikehaldsbehov. Vårt forslag er difor å halde på kravet om 15 prosent eigenkapital for brukte bustader, og redusere kravet til nye bustader til 5 prosent.