Hopp til innhold

Oppskriftsmessig for Sogndal

Sogndal vann måndag kveld 3-1 over Førde i ein treningskamp i Sognahallen. Ved pause leia 2. divisjonslaget.

Treningskamp mellom Førde og Sogndal.

TRENINGSKAMP: Sogndal og Førde møtes i Sognahallen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fylkes to fremste fotballag måtte vente 29 minutt før den første nettkjenninga i Sogndal.

Mot spelets gong var det Ruben Holsæter og Førde som fekk den første scoringa. Steinar Tenden drog seg fri på kanten og fekk lagt eit hardt og presis innlegg til Holsæter som umarkert sette inn 0-1. Eit godt angrep.

Medan Sogndal hadde eit lite overtak fram til scoringa, vart det smått med sjansar til pause. Sogndal ber preg av at dei ikkje har toppa mannskap, medan Førde stiller med toppa mannskap.

Etter kvilen er det venta at Sogndal set innpå spelarar som Espen Olsen, Vegar Gjermundstad, Elvis og Cato Hansen.

Berre tre minutt etter kvilen står det 1-1 i Sognahallen. Eit godt angrep av Sogndal blir avslutta i handa på ein Førde-forsvarar. Det var Stefan Aase som prøvde seg med eit gjennomspel. Frå krittmerket er Ole Jørgen Halvorsen sikker og sender keeper Skjeldestad til feil side.

Ti minutt seinare har Sogndal snudd kampen. Nok ein gong er det Halvorsen som får nettkjenning. Sarpingen får ballen like innom hjørnet på 16 meteren, lurer av nokre førdeforsvararar og dunker ballen inn i lengste hjørnet. Ein flott enkeltmannsprestasjon.

Kring 120 tilskodarar ser kampen som med unntak av måla har bydd på ein kjedeleg andre omgang.

Sju minutt før slutt set Stefan Aase, som er på prøvespel frå Florø, inn 3-1 for Sogndal.

Kampen ebbar ut med 3-1 til Sogndal.

SOGNDAL: Kenneth Udjus, Mats Solheim, Gustav Valsvik, Even Hovland, Per-Egil Flo, Peter Aase, Henrik Furebotn, Martin Solheim Olsen, Ørjan Hopen, Vegard Dyrstad, Joakim Rudolfsen.

FØRDE: Vegard Skjeldestad, Kim Tangedal, Elmar Dan Sigthorsson, Are Gunnar Korsvoll, Eirik Flatjord, Bernt Norevik, Ole Marius Gundersen, Gisle Isene, Thor Jørgen Spurkeland, Ruben Holsæter, Steinar Tenden.