NRK Meny
Normal

Florø mistar grepet i toppen - Førde snubla mot botnlag

Florø kunne fått heng i på laga som kjempar om opprykk, men klappa saman mot serieleiar Åsane i Bergen. I Førde brende heimelaget ei straffe og fekk berre med seg eitt poeng i botnoppgjeret mot Stord.

Terje Rognsø

OPPGITT: Florø-trenar Terje Rognsø har måtte gi slipp på tabelltoppen og seier laget er inne i ein dårleg periode.

Foto: TRULS KLEIVEN

Ingen av Sunnfjord-laga i 2. divisjon hadde dagen laurdag.

Felt av tabbar

På Myrdal gress i Bergen fekk Florø-trenaren sjå sitt eige lag slite.

– Vi møtte eit lag som var betre enn oss. 3–0 er eit heilt greitt resultat, konstaterer Terje Rognsø.

Han meiner Florø starta bra, men då heimelaget tok leiinga etter 29 minutt gjekk det meste gale.

– Vi slepp inn mål på ein dødball. Etter eit heilt unødvendig frispark, og etter dårleg keeperspel. Det var eit frispark som keeper skal ta.

Då Åsane starta andreomgang med å gå opp til 2-0, klappa bortelaget frå kystbyen saman.

Avstanden aukar

Med 3-0-tapet blir Florø liggande på fjerdeplass med 27 poeng, og avstanden til Åsane på tabellen er no seks poeng. Dermed ser det ut til at Florø, som i serierunde etter serierunde på forsommaren leia 2. divisjon, kan sjå langt etter eit opprykk som mange i Florø hadde byrja å håpe på.

– Opprykk er ikkje noko vi har hatt fokus på, det er det andre som har snakka om. Prestasjonane våre over lang tid har ikkje vore der vi ønskjer dei skal vere. Det er ikkje tvil om at vi er inne i ein svak periode. Vi har frykteleg mange spelarar ute med skade og sjukdom. Det merkar vi, poengterer Rognsø.

Straffebom frå Ødegaard

Mens Rognsø og laget skuffa tok til på heimturen gjennom Nordhordland laurdag ettermiddag, var det heller ingen jubel å sjå då Førde-trenar Knut Erik Folland gjekk ut stadionportane på heimebane.

– Vi burde tatt tre poeng i dag. Vi hadde store sjansar, og andreomgang kontrollerte vi fint.

Likevel blei det 1–1 og poengdeling mot Stord som ligg på nedrykksplass.

– Det er eit lag vi skal slå, seier Folland.

Alexander Ødegaard

LAUST SKOT: Alexander Ødegaard med fortid i RBK, Viking og Sogndal kunne sendt Førde i leiinga på straffe. Stord-keeperen redda og slo ballen til hjørnespark.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Men når erfarne Alexander Ødegaard brende straffespark etter 16 minutts spel, vart det symptomatisk på at dette ikkje var den store dagen for heimelaget.

– Stord hadde ein sjanse i andreomgang. Den scora dei på, seier Folland.

Med ni kampar att å spele ligg Førde på niandeplass med to poeng ned til nedrykk.

– Eg ser ikkje på tabellen. Vi må jobbe med å heve prestasjonane kamp til kamp.
Vi har mista 11 spelarar sidan i fjor, men har fått inn nye som leverer. I dag debuterte Vegard Eikeland. Han var kanongod, fastslår Førde-trenaren.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast