I går ettermiddag sa Justisdepartementet nei til å gjere om utvisingsvedtaket. Dermed blir tamilane truleg sende med eit fly til Sri Lanka i dag. Dette tykkjer fungerande leiar i Åleineforeldreforeininga, Brit-Elin Ladehaug frå Stårheim, er hjarterått. Ho meiner kvinna ikkje er i stand til å ta seg av seg sjølv og barnet sitt utan eit nettverk i Sri Lanka. Kvinna og sonen budde på Solbakken asylmottak i Florø saman med dei andre fem som er utviste.
Opprørt over utvising
Åleineforeldreforeininga meiner utvisinga av ei einsleg tamilsk kvinne og den to år gamle sonen hennar er i strid med barnekonvensjonen til FN.
Publisert
Artikkelen er flere år gammel.
Publisert