Hopp til innhold

Denne oppdrettslaksen var på rømmen og kome langt - stammar frå Hardanger

Oppdrettslaksen som vart fiska i Gaular har svømt langt. Prøvar teke av laksen viser at den stammar frå Hardangerfjorden.

Rømd oppdrettslaks

LIKE LAKSAR: Laksen som vart fanga ved Osfossen er svært lik i lengde og vekt. Prøvar tyder på at det stammar frå oppdrettsanlegg i Hardanger.

Foto: Tom A. Wangensteen

– Oppdrettslaksen som vart fiska i Gaular rømt oppdrettslaks frå eit fiskeanlegg i Hardanger. Det seier konstituert seksjonssjef i fiskeridirektoratet Kari Morvik.

For ein månadstid sidan dukka det opp større mengder oppdrettslaks ved Osfossen i Gaular.

Har teke prøvar

– Vi konstaterer at den har kome langt, seier Morvik.

Då fiskedirektoratet fekk høyre om oppdrettslaksen i Gaular, spekulerte ein i om den kunne stamme frå rømminga i Hardanger, men haldt òg dørene opne for at det kunne ha vore ei rømming i nærleiken.

Morvik seier at ut ifrå skjelprøvar som er teke av fisken, er det no mykje som tyder på at fisken stammar frå ei lakserømming i Hardangerfjorden i august.

Rømde etter storm

Ifølgje bt.no skal det vere stormen Lena som er årsaka til rømminga ved oppdrettsanlegg på Snilstveitøy ved Rosendal i Hardanger.

Fiskeguide i Gaularvassdraget, Tom A. Wangensteen fortalde at dei hadde fiska om lag 20 laksar på rundt ein kilo som dei raskt forstod var oppdrettslaks.

– Det vert no jobba i Hordaland med å få oversikt over kor mykje laks som har rømt, seier Morvik.