Hopp til innhold

Marine Harvest må betale for overproduksjon

Marine Harvest får inndrege seks millionar for å ha tent pengar på overproduksjon av smolt.

Marine Harvest avdeling Haukå

Marine Harvest får inndrege seks millionar etter overproduksjon av smolt mellom 2008-2011 på anlegget Haukå på nordsida av Norddalsfjorden.

Foto: Rune Fossum / NRK

Marine Harvest Norway AS må betale seks millionar kroner som dei tente på overproduksjon av smolt mellom 2008–2011.

Dei fekk først ei stor bot av politiet i 2014, men sidan selskapet ikkje var einige i den har saka sidan gått vegen opp til lagmannsretten.

Blir frikjende, men må betale seks millionar

Lagmannsretten konkluderte no med at Marine Harvest har produsert meir enn dei har lov til, og at dei har tent pengar på det. Difor vil dei inndra seks millionar av pengane selskapet har tent på overproduksjon.

Samstundes blir Marine Harvest, som i tingretten, også frifunne for dei straffbare handlingane som skjedde mellom 2008-2011. Dette fordi det gjekk for lang tid mellom det skjedde og til siktinga vart teken ut i 2014.

Sidan retten likevel meiner dei gjorde noko ulovleg når dei produserte meir smolt enn dei hadde fått løyve til, får dei ikkje erstatning for pengane dei har betalt for å ta saka vidare opp i rettssystemet.

Det betyr at politiet slepp å betale for sakskostnadane, slik tingretten dømte dei til i 2015.

Dette har skjedd tidlegare

I 2014 gav politiet oppdrettsgiganten ei bot på to millionar, i tillegg til at dei ville inndra 10 millionar kroner dei meinte Marine Harvest hadde tent på overproduksjon av smolt.

Sidan Marine Harvest ikkje ville godta bota, gjekk saka til Fjordane tingrett. Dei meinte at det var for dårlege bevis for at selskapet hadde produsert for mykje med vilje. Dei meinte at Fylkesmannen hadde brukt for lang tid på å bestemme kor mykje anlegget skulle få produsere og sleppe ut.

Tingretten bestemte at politiet måtte betale oppdrettsgiganten 250.000 kroner i sakskostnader.

Det ville ikkje politiet. Påtalemakta stod fast på at Marine Harvest hadde gjort noko ulovleg, og anka saka til lagmannsretten.

Og no har altså Lagmannsretten gitt politiet rett, men likevel frifunne Marine Harvest fordi det gjekk for lang tid frå det ulovlege skjedde til nokon vart sikta for det.

Dei får likevel inndrege seks millionar, som retten meinte dei hadde tent på overproduksjonen. Dei må også betale sine eigne kostnader med rettssaka.

Dei kan også velje å anke saka til høgsterett, om dei tykkjer dommen er urimeleg. Det er den øvste domstolen vi har.