Hopp til innhold

Stansa to vogntog der leidningane til ABS-systemet var avklipt

Kontrollørane til Statens vegvesen på Håbakken i Lærdal har siste dagane funne graverande feil på tre utanlandske vogntog.

Håbakken, Statens vegvesen sin kontrollstasjon i Lærdal

HER SLEPP DEI IKKJE UNNA: På kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal er fleire trafikkfarleg vogntog stansa.

Foto: Anna Gytri / NRK

Det mest alvorlege var to polske vogntog, fortel Tormod Gausdal i Statens vegvesen.

– Dei prøvde å unndra seg kontroll ved å køyre forbi, men vart henta tilbake. På begge vogntoga var leidningane som styrer dei blokkeringsfrie bremsene avklipte på heile settet.

– Dette er veldig graverande, for det ville føre til at hjula veldig fort ville blokkere seg på glatt føre. Er det då ei helling eller ein sving så vil hengaren slå ut.

I tillegg hadde det eine av vogntoga bremser på berre eitt av framhjula på trekkvogna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thormod Gausdal

- GRAVERANDE: Tormod Gausdal i Statens vegvesen er glad for at to trafikkfarlege vogntog er luka ut.

Foto: Anna Gytri / NRK

Statens vegvesen ila begge vogntoga køyreforbod, og den eine av førarane miste førarretten for eit tidsrom i Norge, fortel Gausdal.

– Begge vogntoga er no frakta ut av landet ved hjelp av bergingsbilar.

10.000 i bot for slitne dekk

I går stansa kontrollørane på Håbakken eit tsjekkisk vogntog med slitne dekk, fortel Tormod Gausdal.

– Det var fire dekk som hadde under tre millimeter mønsterdjupne, kravet er fem millimeter. I tillegg var det sommardekk på framakslingane. Då vart det så graverande at tilhøvet vart meldt til politiet.

Politiet ila føraren av vogntoget ei bot på 10.000 kroner, og det slepp ikkje vidare før det er sett på nye dekk, mellom anna vinterdekk på trekkvogna.

Ikkje lett å sleppe unna

Kontrollstasjonen på Håbakken fann i går også eit tilfelle av kabotasje, det vil seie ulovleg køyring i Norge. Det var eit polsk vogntog som hadde brote reglane, og detter resulterer normalt i ei bot på 20.000 kroner.

Gausdal seier dei har avslørt mykje rart i kontrollane på Håbakken i det siste, og det er ikkje lett å sleppe unna for dei som ikkje har sitt på det tørre.

– Vi har eit fantastisk samarbeid med politiet, slik at ingen slepp unna med berre eit brev. Her må dei gjere opp for seg på staden og rydde opp i det som er trafikkfarleg før dei får køyre vidare.