Opnar vegen mellom Vik og Vangsnes tidlegast tysdag

Statens vegvesen har utsett opninga av rasråka riksveg 13 til tysdag.

Veg mellom Vik og Vangsnes stengt etter ras

STENGT: Vegvesenet vil opne vegen mellom vik og Vangsnes måndag, så lenge det ikkje oppstår noko som forhindrar ryddearbeidet i helga.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Riksveg 13 har vore stengt sidan natt til tysdag på grunn av steinras. Sikringsarbeidet har vore krevjande, seier Svenn Egil Finden som er avdelingsdirektør i Vegvesenet.

– Det har vore gjort ein god jobb av fjellklatrarane. No er blokkene sprengt ned og rydda vekk, så då byrjar vi å grave i vegen, for så å kunne mure opp att der, seier Finden.

Vegen vil stengjast nokre timar om gongen også nokre dagar etter måndag.

Svenn Egil Finden

VEGVESENET: Svenn Egil Finden fortel at det har vore ein omfattande ryddejobb på staden der raset gjekk.

Foto: Statens vegvesen

Store skadar på vegen

Blokkene som trefte vegen natt til tysdag har gjort stor skade. Så lenge dei ikkje har gjort skade lenger ned i bakken, skal Vegvesenet klare og opne måndag.

– Det kan vere noko vi må ta omsyn til når vi grev ned i fundamentet i vegen. Om dette går greitt, opnar vi måndag, seier Finden.

Det vil vere mogleg også for store køyretøy å passera på staden frå måndag av.

Slutt på båtruter

Når vegen opnar, sluttar kriserutene som er sett opp med båt og ferje mellom Vangsnes og Vik å gå.

Har folk noko å vere redde for?

  • – Raset endrar ikkje situasjonen frå det som har vore tidlegare. Galden er kjend for å vere ein rasfarleg plass, men det er ikkje farlegare no enn det vi er vande med, seier Finden.

Timesstengningane etter måndag vil bli gjort slik at dei skal passe med bussrutene.