Hopp til innhold

Opnar opp for laksefiske etter rømming

Fylkesmannen har no opna opp for fritt fiske etter oppdrettslaks frå Førdefjorden til Selje etter den store lakserømminga i Bremanger.

Marine Harvest avdeling Gulestø

MANGE RØMDE: Mellom 35.000 og 40.000 oppdrettslaks rømde frå Marine Harvest sitt anlegg på Gulestø i Bremanger.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det vil i praksis seie at dersom du fiskar med garn i dette området, og får oppdrettslaks på kring tre kilo, så har du lov å avlive denne. Løyvet gjeld fram til 31. mai.

Det er vanlegvis forbode å fiske laksefisk med garn i sjøen, noko som vanlegvis også gjeld rømd oppdrettslaks.

Men sidan mellom 35.000 og 40.000 oppdrettslaks frå Marine Harvest sitt anlegg på Gulestø i Bremanger no er i fjordområda, så lettar Fylkesmannen på regelverket.

– Alt fiske må følgje ordinære reglar for fiske etter marin fisk i sjø. Dette betyr, at om du fangar oppdrettslaks på garn medan du fiskar etter marin fisk, så har du lov til å avlive den, melder Fylkesmannen på heimesida si.

Det var 28. april i år Marine Harvest melde frå om den omfattande rømminga frå Gulestø, og oppdrettsgiganten lova 500 kroner for kvar fisk som vart fanga. Kring 1000 fisk har blitt henta opp frå fjorden på denne måten.

– No har vi dialog med Fiskeridirektoratet og Fylkesmannen om gjenfangsten, så kor lenge den kan halde på veit vi ikkje, men det er viktig at den fangsten som skjer er i samsvar med dei reguleringar og løyva som fylkesmannen har gjeve, sa informasjonsdirektør i Marine Harvest, Ola Helge Hjetland til NRK nyleg.