NRK Meny

Opnar med lysregulering

Fylkesveg 61 mellom Åheim i Vanylven og Bryggja i Vågsøy opner med lysregulering frå i kveld. Men vegen vil framleis vere stengt i lengre periodar etter at det for ei veke sidan gjekk eit stort ras ved Maurstadeidet. På dagtid måndag til torsdag vil trafikken kunne passere i bestemte tidsrom. Elles blir trafikken styrt med lysregulering.

Ras ved Maurstadeidet mellom Vågsøy og Åheim.
Foto: Silje Kristin Guddal