Hopp til innhold

Opna serien med komfortabel siger

Førde tok laurdag to poeng i sesongens første handballkamp mot Gneist på bortebane. Resultatet enda ganske så komfortabelt på 16–28.

Gneist - førde september 2013

VINNARAR: Kaptein Maria Ullebust Oppedal (til venstre) hadde fire mål i kampen mot Gneist medan Ingeborg Igland vart toppscorar med åtte mål.

Foto: Odd Erik Gullaksen

– Vi er godt nøgd med å ta to poeng i serieopninga på ein komfortabel måte. Det er alltid godt å komme i gang, seier trenar Øyvind Indrebø-

Det er andre året Førde sitt kvinnelag spelar i 2. divisjon. Under debuten i fjor enda dei som nummer fire og har høge ambisjonar også for årets sesong.

Bra i forsvar – unøyaktige framover

Så langt har dei altså teke to av to moglege poeng. Stort sett er Indrebø godt nøgd med dagens prestasjon, men han har likevel sett eit par ting i dagens kamp som laget må jobbe med.

– I inngangen til serieopninga visste vi lite om Gneist. Eg hadde eigentleg ikkje laga meg noko forventningar. Eg var berre oppteken av at vi skulle spele ein god handballkamp, og det gjorde vi i store periodar i forsvar. Vi var veldig gode i forsvar, og så var vi litt for unøyaktige framover. Men det var ein kamp vi eigde og hadde full kontroll på frå start til slutt. Alle fekk komme innpå og prøve seg, og alle leverte bra.

Målet er å hevde seg i toppen

Saman med Jotun frå Årdal er Førde det einaste laget i 2. divisjon i handball for kvinner frå fylket. For Førde er det ikkje eit mål å slå Jotun, men dei vil hevde seg i toppen.

– Det er eit mål for oss å vere med og kjempe i toppen. Vi blei nummer fire i fjor, og føler vi har teke nye steg utviklingsmessig, så å kjempe i toppen er eit realistisk mål. Der er eg heilt sikker på at Jotun blir saman med lag som Os og Fyllingen, seier trenaren.

Han meiner det er stor forskjell på Jotun og Førde i forhold til kva fase dei er i.

– Jotun har vore i 1. divisjon og i toppen av 2. divisjon i ei årrekkje, medan vi er i ein annan fase, der vi har vore i 4. og 3. divisjon, og så debuterte vi i fjor i 2. divisjon. Så vi er heilt i ulike fasar i utviklinga. Vi prøvar å bygge vår utvikling gjennom aldersbestemt klasse og gjennom å utvikle klubben, så vi jobbar med vårt, seier Indrebø.

Møter Stord på søndag

Søndag får Førde-laget nye utfordringar. Då møter dei Stord på bortebane, og det trur Indrebø blir ein langt tøffare kamp enn laurdagens møte med Gneist.

– Då møter vi eit Stord-lag som vi tapte med eit mål mot i fjor der nede, så vi har ei høne å plukke med dei. Vi møter nok eit mykje tøffare lag i Stord enn dagens Gneist, så vi må vere vesentleg betre i morgon skal vi sjanse på to poeng. Det føler eg både støtteapparat og spelarar er opptekne av, så det har vi tru på at vi skal betre oss på nok til at vi kan ta to poeng, men det blir ein tøff kamp.