Hopp til innhold

Opna innovasjonssenter

LUSTER (NRK): Bedrifta som leverer drakttrykk til både FC Barcelona og det norske landslaget satsar vidare, og har no opna eit innovasjonssenter i Gaupne

Tom Dyrdal i NTP på Gaupne

SATSAR: NTP på Gaupne satsar, og vil trekke til seg fleire unge til bedrifta som allereie har 130 tilsette

Foto: Magnus Gamlem / NRK

– Vi opnar fem hundre nye kvadratmeter med kontor og eit nytt laboratorium. Det seier dagleg leiar i NTP Tom Dyrdal.

Verksemda Averey Dennison NTP i Gaupne leverer trykk til mellom anna fotballdrakter, og har dei siste åra hatt stor internasjonal suksess ifrå den vesle sognebygda Gaupne. Mellom anna leverer dei trykk til draktene til storklubbar som Barcelona. No byggjer dei eit sokalla innovasjonssenter for å møte den veksande konkurransen i utlandet.

Les også: Har fått storkontrakt med Barcelona

– Ideen vår er at når ein av våre kjemikarar eller tilsette har ein ide, så skal det gå kort tid før ideen kan vere ute i marknaden. Vi har konkurrentar rundt om i heile verda, og vi forsøkjer å ligge heilt framme i denne konkurransen, seier Dyrdal.

Imponert ordførar

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen var til stades under opninga av det nye senteret, og han lét seg imponere.

– Dette føyer seg inn i ei imponerande utvikling som NTP har hatt i Gaupne. Det er nesten utruleg kva dei får til, seier Kvalen.

Ivar Kvalen med ei blome

IMPONERT: Ordførar i Luster Ivar Kvalen seier at NTP er viktig både for Luster og for heile Sogn.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Kvalen fortel at suksessen til NTP har vore viktig for heile kommunen.

– NTP står i sterk konkurranse med store konsern i rundt om i verda, og det er ikkje mindre enn veldig imponerande. NTP er ei solid hjørnesteinsbedrift i Gaupne med sine 130 tilsette. Eg trur det er den viktigaste private bedrifta i Luster, men dei er også viktige for heile sogneregionen.

Vil trekke til seg fleire unge

Dyrdal i NTP seier at mykje av poenget med det nye innovasjonssenteret også er å kunne trekke til segtalent.

– Vi vil ha fleire studentar og fleire lærlingar. Det er mange lærlingar som ikkje har ein plass å gå, men vi har faktisk manko på lærlingar hjå oss, så no håpar vi at vi skal få fortgang i prosessen med å knytte til oss nye lærlingar.