NRK Meny
Normal

Når du ser Messi i denne drakta er logoane laga og produserte her...

Dei leverer allereie til det norske landslaget, engelske og norske klubbar. Avtalen Averey Dennison NTP i Gaupne har sikra seg med F.C. Barcelona, er i ein eigen liga.

Å dekrorere draktene til fotballspelarar har vorte kvardagskost for verksemda Avery Dennison NTP i Luster i Sogn.
Men at dei skal levere til sjølvaste FC Barcelona er ein milepæl.

– Det er naturstridig at ei bedrift i Gaupne kan ta merkevarer som Barcelona og få store kontraktar, seier økonomisjef Tom Dyrdal ved Avery Dennison NTP.

Etter å ha vore i forhandlingar i eitt år, har selskapet si norske avdeling i Gaupne i Sogn sikra seg ein treårsavtale med den spanske storklubben – av Forbes rangert som verdas nest største fotballklubb i omsetnad.

– Vi skal produsere namn og nummer til alle Barcelona-draktene. Både spelarane sine og dei som er for sal for supporterar.

Rift om nummer ni og 10

Etter å ha slått ut Manchester City, spelar Barcelona sitt stjernegalleri i kveld avgjerande kvartfinale i Mesterligaen mot Paris St. Germain. Neste sesong blir draktene til både spelarar og supportersal prega med klubblogo, namn og draktnummer frå vesle Gaupne.

Kristin Lien

POPULÆRE: Mange vil ha drakter med nummer ni og 10, draktnummera til Suarez og Messi, fortel Kristin Lien ved Avery Dennison NTP.

Foto: Steinar Lote / NRK

Produksjonen er alt godt i gang. Fram til den offisiell draktlanseringa i slutten av mai, kan NTP ikkje vise fram designen som skal prege draktene. Men dei merkar alt ein klar etterspurnad etter visse draktnummer.

– Det er mykje fokus på nr. 10 og ni. Det er Messi og Suarez. Det går mykje av både dei namna og dei tala, fortel Kristin Lien som er sjef for kundeservice.

NTP har frå før om lag 2000 kundar. Kontrakten med Barcelona er den største nokon sinne for verksemda med 130 tilsette, og strekkjer seg over tre år.

Lionel Messi (L)

LUSTRAPRODUSERT: Når Lionel Messi tek på seg den nye fotballskjorta si, er den laga i Gaupne i Luster.

Foto: ALBERT GEA / Reuters

Vann kontrakta på innovasjon og teknologi

Kontraktane vann verksemda i sterk konkurranse frå utlandet. Fram til no har eit spansk selskap vore leverandør.

– Vi kan kanskje ikkje konkurrere på pris, med norske lønningar. Men vi kan konkurrere på innovasjon, teknologi og kompetanse, seier Dyrdal.

Mykje av årsaka til at ein sikra seg Barcelona-kontrakten finn ein i ein stor grå maskin midt i produksjonsanlegget. Med støtte frå Innovasjon Norge og Luster kommune har verksemda fått på plass ei maskin som baker skjulte kodar, såkalla vassmerker, inn i emblema.

– Denne teknologien er ein stor del av årsaka til at vi fekk kontrakten, trur Dyrdal.

Kodane kan ein skanne med mobiltelefonen. Dei avslører om drakta er ekte, samstundes som ein blir sendt vidare til ei nettside.

- Avtalen med Barcelona er viktig for den største private arbeidsplassen i Luster, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp).

HYLLA AV ORDFØRAREN: – At den største private arbeidsplassen i kommunen sikrar seg kontrakt med Barcelona, er viktig, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.

Begeistra over oppdraget

På ei Messi-drakt kan Barcelona til dømes legge inn at skanninga tek deg til spelaren eller klubben si nettside.

Tanken på kven som skal bere merkene vekkjer begeistring blant dei tilsette.

– Det er veldig spesielt at ein så stor klubb som Barcelona skal gå med våre merke. Det er veldig moro, seier Kent Monsen.

Tom Dyrdal

MOT NORMALT: - Det er naturstridig at ei bedrift i Gaupne kan ta merkevarer som Barcelona og få store kontraktar, seier økonomisjef Tom Dyrdal ved Avery Dennison NTP.

Foto: Steinar Lote / NRK

Nøgd er også kollega Jarle Kvam. Men han skulle aller helst sett logoen til sin eigen engelske favorittklubb.

– Einaste som kunne vore betre er Leeds United. Elles er det bra, gliser Kvam, mens han med hjelp frå ei maskin kuttar opp ark med logoar for ei rekkje norske selskap.

Og Dyrdal sin draumekunde?

– United. Eller Real Madrid. Alt av storleik er interessant. Ein kan ikkje tenkje på kva klubb ein likar. Ein må tenkje business.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast