Hopp til innhold

Opna første Moods-butikken

Ei geit var presangen frå handverkarane då landets første Moods of Norway-butikk opna i Stryn på torsdag.

Moods of Norway sin butikk i Stryn.
Foto: Kåre Tonning, Elitefoto Stryn

Med sjampanje og blant anna ein illeluktande geitebukk og gris til stades opna Moods of Norway sin første butikk.

Klesdesigneren Simen Staalnacke har sjølv stått for det meste av butikkdesignet - med god hjelp frå lokale handverkarar.

Moods of Norway sin butikk i Stryn.
Foto: Kåre Tonning, Elitefoto Stryn

Kjede av butikkar

Heile butikken er teikna og produsert lokalt. Butikken i Stryn skal vere ein mal for butikkane som skal etablerast i Oslo, Bergen og i utlandet.

Moods of Norway har gjort stor suksess med moteklede for ungdommar. Inspirasjonen til dei særeigne klesplagga har dei henta både i heimlege tradisjonar og internasjonale trendar.

Stryn vert senter

Ifølgje Staalnacke er det heilt naturleg for dei å bruke Stryn som utgangspunkt for den nye kjeda av butikkar.

- Her har vi lokale for alt vi treng. All distribusjon skal føregå frå Stryn, seier han til Fjordingen. 

Moods of Norway. Frå venstre Stefan Dahlkvist, Siri Hveem og Simen Staalnacke.
Foto: Kåre Tonning, Stryn