Opna etter ras

Det er no fri ferdsel på fylkesveg 5637 mellom Skjolden og Urnes i Luster. Vegen har vore stengd sidan i dag tidleg etter at eit jord- og steinras sperra vegen sør for Kvita Skred-tunnelen. Det er framleis rydding på staden, opplyser Vegvesenet.