Hopp til innhold

– Heilt tilfeldig at han landa hjå oss

Opera Nordfjord vert hylla av anerkjent musikkmagasin for si oppsetjing av Tryllefløyten.

Opera Nordfjord med tryllefløyten i Oslo

TRYLLEFLØYTEN: Musikkritikaren lot seg imponere av Opera Nordfjord si oppsetjing.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Opera Nordfjord imponerte stort då ein musikkmeldar frå det anerkjende musikkmagasinet Gramophone dukka opp på deira framsyning av Tryllefløyten i Oslo.

– Det var heilt tilfeldig at han landa hjå oss, men me er veldig glade for at ein som verkeleg har greie på opera kom, og at han skreiv så fordelaktig om oss, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Grenselaus begeistring

Musikkritikaren Andrew Mellor lét seg særleg begeistre av den yrande dugnadsånda og samholdet blant folka i Opera Nordfjord.

Mellor legg ikkje skjul på at han er imponert, og skriv blant anna at han aldri har sett ei meir skarpsindig, effektiv eller fundamentalt relevant framføring av Tryllefløyten.

«Kva blir det neste? Det er så mykje eg ynskjer å sjå denne operaen setje opp. Medan me ventar kan me alle ta lærdom av Opera Nordfjord sitt engasjement, inkludering, samarbeid og ambisjon. Så lenge det operahuset består vil Nordfjordeid vere ein velsigna stad», skriv Mellor i sin kritikk.

Positivt overraska

Pavelich tykkjer det er hyggjeleg at nokon som kjem heilt utanfrå likar det arbeidet dei har gjort så godt.

– Det betyr at det arbeidet me gjer har kvalitet, og at me har noko å tilby eit publikum utanfor fylket vårt, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Operasjef i Opera Nordfjord, Kari Standal Pavelich

NØGD: Operasjef Kari Standal Pavelich er særs nøgd med omtalen dei har fått.

Foto: NRK

Ho vart sjølv overraska då meldaren dukka opp, og hadde aldri forventa så gode lovord.

– Ein ting er å få skryt frå vårt lokale publikum, men det er noko anna når nokon som kjem utanfrå og ikkje kjenner til oss i det heile gir oss så god kritikk, seier Pavelich.