Hopp til innhold

Open for fri ferdsel

Klokka 1530 laurdag melder Statens Vegvesen at Europaveg 16 i Nærøydalen er opna for fri ferdsel etter opprydding. .

Ras i Nærøydalen
Foto: Kristin Agerlie / NRK

Fredag ettermiddag gjekk eit større steinras. Vegtrafikksentralen fekk melding om raset klokk 17.20 fredag kveld. Store steinmassar hadde då rasa ned fjellsida og stengde den tungt trafikkerte vegen.

Lyttevakt i natt

Ved halv eitt-tida natt til laurdag vart vegen opna for fri ferdsel, men Statens Vegvesen hadde lyttevakt på plass heile natta for å kunne stenge på kort varsel dersom det var fare for nye ras, fortel vaktoperatør Roger Lemme.

– No medan ryddearbeidet pågår er det manuell dirigering forbi rasstaden, men trafikkantane må vere merksame på at det kan blir stengt på kort varsel ved kraftig regn.

Artikkelen held fram under biletet:

Ras i Nærøydalen

RAS I NÆRØYDALEN: Lange køar fredag kveld

Foto: Kristine Agerlie / NRK

Sålangt har det vore minimalt med ventetid, sjølv om det er mykje sommartrafikk forbi rasstaden, seier Lemme. Han seier det førebels er usikkert kor lang tid ryddearbeidet vil ta.

– Det kan jo hende det kjem ned meir når entreprenøren byrjar å rydde rasmassane.