Hopp til innhold

Ønskjer kontakt med gutegjeng

I samband med brannen på Rota tidlegare i veka ønskjer politiet i Florø kontakt med ein gutegjeng som skal ha leika med eld på kaia ved Fjord Base. Det skriv Firdaposten. – Vi kan ikkje seie noko om ein direkte samanheng mellom brannen på Rota og denne hendinga, men politiet ønskjer å få kontakt med desse for avhøyr, seier stasjonssjef Wenke Hope til avisa.