Omkomen identifisert

Mannen som blei funnen død i Smålungeren i Bergen var Jøran Nikolai Åsnes frå Førde. Namnet er frigitt i samråd med familien, opplyser politiet til Bergens Tidende. 28-åringen forsvann etter ein bytur i februar og har vore sakna sidan då. Sidan har det vore ei rekke leiteaksjonar i sentrumsområdet, både organisert av politiet, Røde Kors, venner og familie av mannen.

Politibil ved Smålungeren der person ble funnet død
Foto: Therese Pisani / NRK