Hopp til innhold

Olsson vil ha tre poeng mot Stabæk

Etter tre uavgjort på fire kampar vil Sogndal-trenar Jonas Olsson ha tre poeng mot Stabæk.

Jonas Olsson

VIL HA POENG: Jonas Olsson er klar på at skal Sogndal oppover på tabellen, frå 13. plass, så må det trepoengarar til.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Uavgjort monnar ikkje. Du kjem ikkje så langt på tabellen med berre uavgjort, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson til Sogndal TV.

Han har store forventningar til kampen og har tru på siger mot botnlaget Stabæk.

– Eg forventar at vi presterer godt. Og eg trur vi har god sjansen til å vinne kampen. Tre poeng hadde vore topp, seier Olsson.

Sogndal har ikkje vunne ein kamp sidan dei slo Molde 2-1 28. april.

Usikkert om Flo blir klar

Men troppen kan måtte møte Stabæk utan storscorar Ulrik Flo på bana. Han fekk nemleg ein trøkk i sida på trening denne veka, og har slite med smerter i både ribbein og musklar i sida.

Det er førebels usikker om Flo når kampen søndag kveld.

– Ein vil jo spele kvar einaste kamp, og spesielt kampar ein må vinne. Stabæk har sleppt inn ein del mål, så det kan vere ein kamp som eg kan vere med på å prege, men vi får berre ta det som det kjem, seier spissen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sandnes Ulfs Aslak Falch snapper ballen rett framfor Sogndals Ulrik Flo.

KANSKJE: Det er førebels usikkert om goalgettaren Ulrik Flo er klar til kamp i morgon kveld.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kjenner seg godt førebudde

Olsson meiner laget er godt førebudd til kampen som skal gå på Fosshaugane søndag.

– Det har vore ei god treningsveke og vi har trent ganske tøft. No får vi litt fri laurdag, og så er vi klare for kamp, seier Olsson til Sogndal TV.

Laget har hatt fokus både på angrep og forsvar på treningane.

– Vi har ei god kjensle frå Tromsø-kampen der vi tok eitt minutt på slutten, seier Olsson.

Trur kunstgras-trening blir eit pluss

Gustav Valsvik redda Sogndal på Alfheim då han heilt på tampen av dei tre minutta med overtid sette ballen i krysset etter eit innkast.

– Eg føler vi er godt førebudde, meiner Olsson.

Han trur det faktum at sogndølene har fått trent to veker på det splitter nye kunstgraset på Fosshaugane campus også vil spele positivt inn.

– Det er eit stort pluss å kunne bruke same bane og underlag for både kamp og trening, seier Olsson.

Kampen mellom Sogndal og Stabæk går søndag klokka 18.00. Du kan følgje live-oppdatering på NRK.no.