Hopp til innhold

Ulrik Flo risikerer å stå over søndagens kamp mot Stabæk

Ein trøkk i sida kan hindre Ulrik Flo frå å komme på bana i søndagens kamp mot Stabæk på Fosshaugane.

Sandnes Ulfs Aslak Falch snapper ballen rett framfor Sogndals Ulrik Flo.
Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg fekk meg ein trøkk på trening for nokre dagar sida. Det har gått utover ribbein og litt musklar, seier Ulrik Flo.

Dermed er det ikkje sikkert at Flo får spele kamp mot Stabæk på Fosshaugane søndag.

Stigning i forma

Med sine 15 poeng på ein 13. plass ligg Sogndal jamnt med fleire andre lag, og det blir ein viktig kamp mot Bærum-laget. Då er det ekstra surt for Flo om han må sitje på sidelinja.

– Ein vil jo spele kvar einaste kamp, og spesielt kampar ein må vinne. Stabæk har slept inn ein del mål, så det kan vere ein kamp som eg kan vere med på å prege, men vi får berre ta det som det kjem, seier Sogndal-spissen.

I første kampen etter ferien presterte Ulrik Flo betre enn på lenge, og scora det einaste målet til Sogndal i kampen mot Fredrikstad. Og Flo har trua på fleire mål.

– Eg er inne i ei stigning i forma. Då er det kjedeleg at det her skal komme akkurat no når eg føler eg har vore bra både i kamp og på trening og verkeleg begynner å få til noko.

Ein viktig kamp

Stabæk ligg no på siste plass i serien, og Flo meiner denne kampen er spesielt viktig å vinne.

– Alle kampar er viktige, men denne er kanskje spesielt viktig, slik at vi ikkje let laga som er under oss ta innpå. Men vi kan også sjå andre vegen og tenke at vi skal ta igjen lag som er framfor oss, for det er veldig jamnt. Med eit par sigrar kan vi gå veldig langt opp på tabellen, seier Flo.

Etter uavgjort mot Tromsø førre helg har han tru på at den negative trenden er i ferd med å snu.

– Vi hadde ikkje den beste kampen mot Fredrikstad, men no har vi hatt ei god treningsveke. Det har vore mange der og det har vore høgt tempo. Eg er sikker på at om vi tek med oss den veka her inn mot kampen så kjem vi til å gjere det ganske bra mot Stabæk.

Men om Flo får vere med å prege kampen vil vise seg først på søndag.

– Det er vanskeleg å seie. Det kjem an på kor fort trøkken i sida går over, så vi må vente til søndag og sjå. Eg er sjølvsagt optimistisk sjølv om eg kjenner trøkken i kroppen no.