Hopp til innhold

No kan du få øl i butikk - ølpolet i Førde forsvinn

No skal førdianarane få kjøpe øl i butikken. Førde bystyre avgjorde i dag debatten om ølmonopolet med knappast mogleg margin. Ole Fosse Fardal (SV) gjekk mot sitt parti, og vart tunga på vektskåla til fordel for nedlegging av monopolet.

Stemmer over ølmonopolet

GAV SINE STEMMER: Torsdag var ølmonopolsaka oppe i Førde bystyre att.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ole Fosse Fardal

AVGJORDE: Ole Fosse Fardal frå SV (i midten) skifta meining, og avgjorde ølmonopoldebatten då han gjekk mot sitt eige parti. Stemmene enda til slutt på 14 mot 13.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Bystyret i Førde stemte i dag over det kommunale ølmonopolet i kommunen. Det endte svært jamnt, med 14 mot 13 stemmer. Avgjerande stemme kom frå Ole Fosse Fardal (SV). Han gjekk dermed mot si eiga partigruppe.

– Dette var veldig overraskande. Me visste det skulle verte jamnt, men dette var overraskande, seier Bjørn Harald Haugsvær frå Krf til NRK.

Lang, men roleg debatt

Debatten gjekk roleg føre seg, men det var mange som tok ordet frå talarstolen under den vel to timar lange debatten om ølpolet.

I tillegg til Førde er det berre Vefsn og Fauske kommunar som har ølpol i Norge.

– Eg forstår ikkje kva som er problemet med ei ordning som fungerer. Vi skal hugse at vi er vertskommune for studentar. Auka tilgang fører til auka forbruk, og vi har ansvar for dei som prøver å komme seg ut av rusmisbruk, sa Iris Loftheim (Sp) frå talarstolen.

– Vi har ansvar

Senterpartipolitikaren skildra det som trist, patetisk og snodig at ølpolsaka har vakt eit slikt engasjement i forhold til kuttframlegga som vart diskutert tidlegare i bystyremøtet.

– Eg skjønar at handelsstanden vil tene pengar, men er samd med Varlid at alkohol er ei lovleg vare, men ikkje daglegvare, sa ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde ølutsal

FØRDE ØLUTSAL: Saka om ølmonopol var oppe til avstemming i Førde bystyre torsdag.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Ho viste vidare til at Førde kommune er vertskommune for studentar og at auka tilgang gjennom sal i butikkane, også fører til auka forbruk.

– Vi har ansvar for dei som slit med å kome seg ut av rusmisbruket, sa ho og meinte at ein gjennom betre kontroll også minskar forbruket.

Spontanhandel

Einar Solheim (AP) meinte ølpolet var eit utmerka tiltak for å avgrense alkoholsalet i Førde. Han meinte det var ufornuftig å auke utsalsstad frå to som i dag, ølpol og vinmonopol, til seks stader, dersom målet er redusert alkoholsal.

– Det er ikkje mange som har øl på handlelista. Mykje av salet, er spontanhandel, sa Solheim og meinte terskelen for å kjøpe øl vil bli høgare med eit ølpol.

Sindre Roska (V) ynskjer sterk kontroll for å selge alkohol og for å unngå langing, og viste mellom anna til at Juvente før jul avdekka at 43 prosent av butikkane dei kontrollerte, selde øl til mindreårige.

Vil boikotte ølpolet

Helge Schei (SV) vedgjekk å ha eit restriktivt syn på alkohol, men meinte likevel at eit ølpol har marginal effekt på alkoholsalet. Ove Håkonsen (Frp) gjekk steget lengre og avslutta med ei oppmoding om boikott av ølpolet til det går konkurs.

Frp-politikaren sa det er naturleg at alkoholomsetnaden i Førde er lågare enn andre kommunar når innbyggjarar reiser til nabokommunane for å kjøpe øl, og bad bystyrerepresentantane om dokumentasjon på at konsumet er lågare enn andre delar av landet.

– I staden for å innta ei formyndarhaldning, så må vi innta ei førebyggar haldning, sa Håkonsen viste til Sande der ølet er plassert i eige rom.

– Folket ynskjer ikkje ølpolet

Bård Eikeset (H) støtta argumentet om alkoholikarar som har kome seg ut av problema. Betre kontroll omsetnad og langing til mindreårige er andre omsyn som administrasjonen legg til grunn for å tilrå ølpol også i framtida.

Høgrepolitikaren viste derimot til at ein gjennom salsløyve kan leggje restriksjonar på salet. Han viste også til avrøystingar på Firda.no og NRK.no, der kring 85 prosent vil avvikle ølpolet.

– Rett nok er ikkje dette vitskapelege undersøkingar, men det er klare signal om at dette ikkje er ynskt, sa Eikeset.

Høgre-politikaren syner òg til studier som meiner vi ikkje kan ikkje setje likskapsteikn mellom konsum og tilgang.

– Eit ølpol vil ikkje ha noko å seie for totalkonsumet av alkohol, sa han.

– Ikkje eintydige studium

Dette var ikkje Steinar Strømsli (AP) einig i.

– Det er ei studie, ikkje forsking. Studia til Eikeset gjev ingen konklusjonar. Auka tilgang på alkohol gjev større rusmisbruk, sa han.

– Dei aller fleste av oss brukar alkoholen til kos og hygge. Vert det sal av alkohol i vanlege butikkar, så vil konsumet auke, meiner han.

Vararepresentant for SV, Ole Fosse, Fardal var ikkje sikker på kvar hans stemme ville lande då han stod på talarstolen.

– Eg er usikker på kva som faktisk er det beste. Men eg ynskjer at butikkane skal fylgje vinmonopolet sine tider, sa han.