Hopp til innhold

Oljesøl i Sløvåg

Det blei i ettermiddag registrert oljesøl i sjøen ved Sløvåg i Gulen, skriv Porten.no. Brannsjef Sigvald Kvinge seier til nettavisa at sølet skuldast overfylling av ein tank hos verksemda Wergeland-Halsvik AS. Kvinge seier oljen i utgangspunktet er ufarleg, og trur ikkje den vil skade fulge- og dyrelivet i området. Verksemda vil no sjå nærare på kva som har skjedd.

Oljesøl i Sløvåg
Foto: NRK-tipsar