Hopp til innhold

Nedgangen i oljenæringa gjer at folk søkjer seg til ferjejobbar

Store nedskjeringar i oljebransjen fører til lettare rekrutteringsarbeid for ferjeselskapa.

Ferje

MEIR ATTRAKTIV: Ferjer som «Lote» er blitt meir ettertrakta som arbeidsplass på grunn av nedgangen i oljenæringa.

Foto: Johan Moen / NRK

Etter mange år med kamp om dyktige og kvalifiserte arbeidstakarar ser ferjeselskapa at trenden no har snudd.

Driftssjef Stian Hårklau i Fjord1 konstaterer at bunken med søknader er høgare enn på lenge.

– Vi merkar auka pågang på våre ledige stillingar. Det er lettare å skaffe folk i dag enn det var for eitt og to og tre år sidan. Det er ein kombinasjon av fleire tilhøve. Men den tilbakegangen vi ser i oljenæringa er med på å gjere oss til ein meir attraktiv arbeidsgjevar.

Stian Hårklau Fjord1

- AUKA PÅGANG: Driftssjef Stian Hårklau i Fjord1 får fleire søknader til ledige stillingar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Straum motsett veg

Ein synkande oljepris råkar tilsette i oljebransjen hardt. Statoil har åleine varsla kutt på 1100 til 1400 årsverk. I tillegg kjem kutt hos underleverandørar.

– Ferjene går dei, sjølv om oljeprisen svingar litt opp og ned. Det er litt gledeleg at vi kan vere motstraums i forhold til det.

Det seier administrerande direktør Ivan Fossan i ferje- og hurtigbåtselskapet Norled. Også dei ser arbeidssøkarar kome frå riggar, supplybåtar og anna oljerelatert arbeid til dei.

– Heilt klart. Det er ein straum av søkarar motsett veg av det det var tidlegare, for då fôr dei frå oss til rigg og supply.

Folk står lengre i arbeid

Skipper Jonvald Kjerpeset og matros Knut Vidar Sætre

MÅTTE BRUKE ELDRE: Jonvald Kjerpeset (t.v.) var ein av fleire eldre som måtte trø til for å bøte på mannskapsmangelen i Fjord1. Han stod i arbeid som skipper til ferjesambandet Kjelkenes-Smørhamn vart lagt ned. Til høgre matros Knut Vidar Sætre.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mangelen på maskinistar og styrmenn har vore stor og til tider prekær dei siste åra. Betringa næringa no opplever skuldast ikkje åleine nedgangen i oljebransjen, påpeikar matros og tillitsvald i Fjord1, Geir Offerdal.

Han viser til at pensjonsalderen for sjøfolk er heva frå 62 til 70 år.

– Vi har hatt veldig lite avgang dei siste åra. Folk står stort sett mykje lengre i arbeidslivet no enn dei gjorde for ti år sidan.