Hopp til innhold

Oljen når ikkje land

Veret spelar på lag, og det vil ta fleire døgn før oljen eventuelt vil treffe land.

Oljelekkasjen
Foto: Kystverket / SCANPIX

- Akkurat no er det sørleg stiv kuling i det aktuelle området. Det vil halde fram utover dagen før det roar seg mot natta. Det vil bli roleg i morgon, før det vil ta seg opp igjen laurdag, seier statsmeteorolog Ingmar Vikane.

- Ikkje berre vinden avgjer

Vil det seie at oljen ikkje vil nå land?

- No er det ikkje berre vinden som avgjer det. Havstraumane er også med på å bestemme. Men det vil i tilfelle bli fleire døgn til, seier han.

Nesten 4000 tonn råolje lak ut i samband med lasting frå Statfjord A-plattforma, som ligg kring 160 kilometer vest for Sogn og Fjordane. Dette er det nest verste oljeutsleppet i Nordsjøen nokon gong.