Hopp til innhold

Hydraulisk olje inn til laksen

Store verdiar står på spel etter at olje har leke ut og kome seg inn i merdane ved eit lakseanlegg i Florø.

Oljelekkasje Florø
Foto: Olav Strømsøy

Fisken i oppdrettsanlegget er på veg til slakteri. Slakteriet AS tek vare på den slakteklare fisken for oppdrettarar og eksportørar.

– Det er snakk om millionverdiar. Me utfører ei teneste for andre, og det er ein verdi me skal ta vare på. Det kan bli eit kostnadsspørsmål etter kvart, men me har tru på at me skal greie å berge fisken, seier Kristin Bergstøl Hansen, administrerande direktør i Slakteriet Holding AS til NRK.

Mistenkjer hydraulikkolje

– Vi er litt usikre på omfanget, og veit ikkje kva olja kjem frå, seier vakthavande ved brannvesenet i Florø, Olav Strømsøy.

Ofte ved slike meldingar er det sokalla blue shine, eit tynt oljelag som ser mykje verre ut enn det er.

– Dette er litt tjukkare enn blue shine. Vi mistenkjer hydraulikkolje, og prøver no å finne ut kvar det kjem frå, seier Strømsøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oljelekkasje Florø

LENSER: Brannvesenet har lagt ut lenser rundt heile anlegget, og håpar at olja som har kome inn til laksen skal gå ut når det blir fjære.

Foto: Olav Strømsøy

Inn i oppdrettsanlegg

Olja har kome heilt inn til og inn i merdane på eit oppdrettsanlegg i området.

Alarmsentralen fekk meldinga 14.30, og brannvesenet har lagt ut lenser på 250 meter rundt heile oppdrettsanlegget, slik at ikkje meir olje kjem inn til laksen.

– Vi håpar det trekk seg ut av merdane og inn i lensene når det blir fjære i sjøen. Men dette er jo ikkje bra for laksen, seier Strømsøy.

Oppdrettsanlegget ligg ved Kringleskjæret. Tilstrauminga av olje skal ikkje vere verre enn at brannvesenet vil sjekke merdane og området rundt i morgon.

Millionverdiar på spel

Kristin Bergstøl Hansen seier Slakteriet følgde beredskapsplanane når dei oppdaga lekkasjen.

– Me varsla brannvesenet, og eksportørar og oppdrettarar er informert. Me har ein felles plan for å løyse dette, seier Kristin Bergstøl Hansen.

Ho skryt over rask og god hjelp frå brannvesenet.

– No er målet å berge fisken, og me har tru på at me skal klare det, seier direktøren, og påpeikar at dei ikkje kjem til å ta sjansar med kvaliteten på fisken som skal ut til forbrukaren.

Ho er svært skuffa over det som har skjedd.

– Me tykkjer det er frykteleg synd at nokon anten har hatt eit uhell utan å gje beskjed, eller at det har vore eit utslepp som ingen veit om. Dette er ein veldig kjedeleg sak, seier Bergstøl Hansen.