Opp ved sida av Hjellefossen gjekk stien. Det var faktisk heilt greitt.
Nett komen over kanten. 400 høgdemeter unnagjort, og ei t-skjorte klar for byting.
Vi såg sikkert hundre lemen. Det ser ut som dei sjølvdaudar.
Legg merke til alle lemenbola. Bakken var heilt gjennomhola enkelte stader.
Jan Egil ved Fremre Hjelledalsstølen. Ein av dei mest idylliske stølane eg har sett.
Trollskog i Vettismorki.
Det veks nokre dunderfuruer i Vettismorki. Denne sto kanskje då Jesus gjekk omkring på jorda.
Slike står det overalt i Vettismorki.
Ingjerdbu. DNT-hytte som alle kan ta inn på. Viss du har med DNT-nøkkel, altså.
Vettisfossen bak meg. Du må faktisk sjå han live. Det er berre ein halvtime å gå frå Vetti gard. (til nedslaget).
Vinden løfta fossen i flotte gardin.
Jan Egil likar ikkje luftige passasjar. Her fall ein fjellvandrar i døden for nokre år sidan...
Vetti i haustfargar.
Vetti gard. Her kan du ligge for 640 kr døgnet i fullpensjon. Det skal i alle fall eg gjere.
GPS'en min då vi kom fram. Lang tur.