Hopp til innhold

Mjølka han produserer blir aldri selt som «økologisk» i butikken

25 millionar liter økologisk mjølk blir produsert utan å bli brukt i økologiske produkt.

Anne Mari Mundal, Aamund Mundal, Karoline Haugane

BERRE TIL EIGE BRUK: Pappa Aamund Mundal er økologisk mjølkebonde, men skal dottera Anne Mari (t.v.) og venninna Karoline Haugane få smake rein økologisk mjølk frå garden, finn dei den ikkje i kartong på butikken.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er klart det er synd, når vi driv med det, at det ikkje ender i butikken som økologisk, seier mjølkebonde Aamund Mundal i Fjærland.

Saman med Johannes Eggen Mundal viser han NRK stolte rundt i lausdriftsfjøset i Fjærland. Det blir ikkje brukt kunstgjødsel eller sprøytemiddel i produksjonen, og kyrne får mykje grovfôr og lite kraftfôr.

Halvparten av all økologisk mjølk

Mjølka er av beste økologiske kvalitet, men sidan etterspørselen etter økologiske produkt er så låg, blandar Tine den økologiske mjølka saman med den vanlege mjølka som dei tappar over i kartongane.

Sidan oppstarten i 2006 har dei to gardbrukarane i Sogn produsert om lag 1,5 millionar liter økologisk mjølk som har vorte tappa over i vanlege kartongar. På landsplan blir det årleg tappa 25 millionar liter økomjølk over i vanlege kartongar, noko som utgjer om lag halvparten av den økologiske mjølka.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Aamund Mundal og Johannes Eggen Mundal

FORTVILAR: Aamund Mundal (t.v.) og Johannes Eggen Mundal har satsa tungt på økologisk mjølkeproduksjon. Men Tine blandar den økologiske mjølka med vanleg mjølk.

Foto: Bård Siem / NRK

Tine: – For få økobønder i området

– Vi må sørge for at vi får ein effektiv og lønsam produksjon av økologisk mjølk. Det er det i dette område ikkje tilstrekkeleg volum til, opplyser kategoridirektør Unn Grønvold Nikolaisen i Tine.

– Kva er då vitsen med at bønder produserer økologisk mjølk?

Tine Byrkjelo

IKKJE ØKOLOGISK: Berre ni meieri i Tine-systemet produserer ferdig økologisk mjølk til sal i butikk. Dei andre anlegga, som her på Byrkjelo, blandar mjølka på vanlege kartongar.

Foto: NRK

– Vi har klare mål om auke den økologiske produksjonen i Tine, men først må vi auke den økologiske produksjonen av mjølka som alt er økologisk.

Må få økomjølk frå Ålesund

Den økologiske mjølka i Fjærland blir frakta til Tine-anlegget på Byrkjelo, medan den økologiske mjølka som blir kjøpt på butikken i Fjærland blir frakta frå Ålesund eller ein av dei åtte andre økologiske tapperia i Tine-systemet.

Grønvold Nikolaisen svarer slik på spørsmålet om dette ikkje er lite miljøvenleg:

– For å sikre ein rasjonell og lønsam produksjon av økologisk mjølk og økologiske produkt i Tine, må vi samle produksjonen på ni meieri som produserer økologisk. Byrkjelo er altså ikkje eitt av desse, seier Tine-direktøren.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Økologiske mjølkekyr i Fjærland

ØKOKYR: Mjølkekyrne i Fjærland blir ala opp til å levere økologisk mjølk. Men du får ikkje mjølka frå desse kyrne som økologisk i butikken.

Foto: Bård Siem / NRK

I Fjærland håpar økobøndene at mjølka deira snart kjem i kartongar merka med «økologisk mjølk».

– Eg brukar å seie at viss ein kjøper mjølk i Sogn og Fjordane, så får ein litt økologisk mjølk anten ein vil eller ikkje. Det er klart at det hadde vore kjekt for oss om folk hadde sett pris på produktet vi produserer, seier Johannes Mundal Eggen.