Hopp til innhold

OBS-varsel: Ber bilistar køyre svært forsiktig tysdag

Både meteorologane og Statens vegvesen ber folk vere svært forsiktige på vegane i store deler av landet det neste døgnet.

Trafikk

KAN BLI SVÆRT GLATT: Det er sendt ut OBS-varsel om vanskelege køyreforhold tysdag.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

Det er sendt ut OBS-varsel for vanskelege køyreforhold heilt frå Helgeland og Salten i nord til Agder-fylka. Ein brå overgang frå kulde til mildvêr vil føre til svært glatte vegar og fare for underkjølt regn.

– I natt og i morgon så må ein vere godt skodd når ein skal ut på vegen. Vi reknar med at det kjem til å bli lokalt vanskelege køyreforhold. Både der det no er bart i vegen og der det er snø og isdekke. Når det no blir mildvêr blir det tøffe forhold på vegane, seier vaktoperatør i Statens vegvesen, Jan Erikstad.

Dei har varsla alle entreprenørane om vêromslaget og har bede dei vere klare til innsats for å sikre trygg ferdsel for alle som må ut og køyre.

– I morgon tidleg er det mange som skal på jobb som fort kan få problem fordi det kjem til å bli glatt. Vi blir nøydd til å prioritere dei mest trafikkerte vegane først, så det vil ta tid før vi får godt over alle vegane på skikkeleg måte, slår Erikstad fast.

Glatte veger og underkjølt veg. Illustrasjon.

UNDERKJØLT: Illustrasjonen syner korleis regn kan fryse på bakken og skape trøbbel.

Vêrmeldinga seier at vil bli mildvêr heilt opp i høgfjellet, og til dels mykje nedbør i form av regn mange stader.

– Når du får regn oppå kald vegbane, så veit vi kva dette kan bli for noko. Salt har avgrensa effekt når det kjem til å regne såpass mykje som det er meldt. Vi er litt spente, seier Erikstad.

OBS-varselet for vanskelege køyreforhold med fare for underkjølt regngjeld følgjande område:

  • Vestlandet og Trøndelag
  • Helgeland, Salten og Ofoten
  • Buskerud, Oppland og Hedmark
  • Vestfold, Østfold, Oslo og Akershus
  • Aust-Agder, Vest-Agder og Telemark