Obduksjonsrapport klar etter at 12-åring døydde i fosterheim

Men rapporten gjev ikkje noko klart svar på kva som var dødsårsaka til jenta som døydde i ein fosterheim i Sunnfjord i februar i år.

Sogndal kommune

POLITIMELD: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner barnevernet har følgt den 12 år gamle jenta som døydde i fosterheim opp på ein forsvarleg måte, men saka er framleis under etterforsking hos politiet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Jenta sine biologiske foreldre melde fosterforeldra, jenta sin fastlege, og Sogn barnevern til politiet for aktlaust drap etter dødsfallet.

  • Kripos kopla inn:

Årsaka var at foreldra meina dottera sin epilepsi ikkje blei teken på alvor frå barnevernet si side, og at ho ikkje fekk den legehjelpa ho hadde behov for.

Den endelege obduksjonsrapporten viser at epilepsi kan vere årsaka til dødsfallet.

– Følgde opp jenta sine behov

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har tidlegare konkludert med at barnevernet si handsaming og oppfølginga jenta var forsvarleg.

– Dette er då ei vurdering av kva barnevernet har gjort, eller ikkje gjort, på bakgrunn av det dei visste eller burde ha visst om barnet sine særlege omsorgsbehov. Vi har konkludert med at Sogn barnevern har følgt opp barnet sine behov, sa seksjonssjef Hanne Sæbø etter tilsynet.

Foreldra sin bistandsadvokat Louis Anda meiner samstundes at Fylkesmannen ikkje har gjort ei god nok undersøking av saka.

Etterforskar framleis

Saka er framleis til etterforsking hos politiet.

Lensmann i Sogn, Arne Johannessen, seier politiet har avhøyrt fleire titals personar i saka.

– Vi har avhøyrt breitt, både i barnevernet, helsevesenet, familie og andre som kjende jenta.

Det er venta at saka vil vere ferdig etterforska i juli.