Hopp til innhold

Melder barnevernet etter dødsfall

Sogn barnevern, fosterforeldre og ein kommunelege er melde til politiet etter at ei 13 år gamal jente vart funnen død i senga si.

Louis Anda

SUSPENSJON: – Det er ei alvorleg sak, og vi har også bede om at tenesteleiar og sakshandsamar i Sogn barnevern blir suspendert, seier advokat Louis Anda.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Førebels obduksjonsrapport nemner epilepsi som mogleg dødsårsak.

Det var Sogn Avis som først omtala saka.

– Vi meiner bestemt at jenta ikkje fekk nødvendige helsehjelp ho skulle hatt, seier advokaten til jenta sine biologiske foreldre, Louis Anda, til NRK.

Kjenner seg neglisjerte

Det var i byrjinga av februar i år at jenta vart funnen død i si eiga seng i fosterheimen.

Barnevernstenesta og fylkesnemnda meinte foreldra ikkje hadde god nok omsorgskompetanse då dei for to år sidan plasserte jenta i fosterheimen.

Foreldra og advokaten meiner jenta i forkant av dødsfallet hadde symptom på epilepsi. Etter det NRK kjenner til var epilepsimedisineringa trappa ned i forkant av dødsfallet.

Sogn barnevern, fosterforeldre og ein kommunelege er melde til politiet for omsorgssvikt etter at ei 13 år gamal jente døydde i fosterheimen.

POLITIMELDT: Den biologiske familien har politimeldt mellom anna Sogn barnevern etter at den 13 år gamle dottera deira døydde i fosterheimen. (Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen/Arne Stubhaug)

Anda meiner barnevernstenesta bortforklara symptoma til jenta med angstanfall, fordi foreldra jobba for å få tilbake omsorga.

– Dette er ikkje ein liten glipp eller eit hendeleg uhell. Barnevernstenesta har neglisjert tallause oppmodingar frå biologiske foreldre og underteikna som deira advokat, om å få sett i verk legeundersøking, seier Anda.

Fylkesmannen varsla

Jarle Aarvoll

ORDFØRAR: – At ei ung jente døyr i ung alder er meiningslaust og trist. Ordførar uttrykkjer dei sterkaste medkjenslege med foreldre og andre pårørande, seier Jarle Aarvoll (Ap).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Jenta var under Sogndal kommune sitt omsorgsansvar. Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) seier jenta sine biologiske foreldre fekk tett oppfølging i tida etter dødsfallet.

Same dag melde kommunen dødsfallet inn til fylkesmannen.

– Kommunen har ikkje høve til å gje informasjon om kvifor kommunen hadde omsorgsansvaret for jenta eller informasjon knytt til meldinga. Kommunen vil hjelpe politiet etterforskinga, slik at saka vert best mogleg opplyst, seier Aarvoll til NRK.

Vurderer etterforsking

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland, stadfester overfor NRK at dei har fått melding om dødsfallet. Han seier dei ventar på meir informasjon om saka. Det er førebels ikkje oppretta tilsynssak.

Åge Løseth

VURDERER: Fungerande lensmann i den aktuelle kommunen, Åge Løseth, seier dei no vil vurdere grad og omfang av ei eventuell etterforsking av dødsfallet til den 13 år gamle jenta.

Foto: Steinar Lote / NRK

Åge Løseth er fungerande lensmann i sunnfjordkommunen der jenta budde. Han stadfestar at dødsfallet er meldt til politiet. Han presiserer også at den endelege obduksjonsrapporten ikkje er klar.

– Vi har førebels ikkje starta etterforsking, men må setje oss ned og vurdere korleis vi skal innrette ei eventuell etterforsking, seier Løseth til NRK.

– I djup sorg

Advokat Louis Anda og dei biologiske foreldra meiner jenta ikkje fekk helsehjelpa dei bad om.

– Dei er i djup sorg. Dei har mista eit barn som dei hadde omsorg for inntil for to år tilbake, og som dei no jobba for å få tilbake, seier Anda.

– Er det aktuelt med erstatningskrav?

– Mine klientar meiner dei er sterkt å bebreide for at barnet har gått bort. Det gir grunnlag for å krevje oppreising, sjølv om det aldri vil gi tilbake det inderleg kjære dei har mista. Likevel er det eit lite plaster på såret.

Fosterforeldra ønskjer ikkje å kommentere saka.

Omsorgsfulle og ivaretakande

Regiondirektør i Barne-, ungdoms- og familieetaten, Øistein Søvik, seier til NRK at dødsfallet er ei tragisk og trist hending, og at det har gått hardt inn på alle som stod ho nær.

Søvik seier at sidan saka er under etterforsking, kan dei ikkje seie noko om den enda.

– Fosterfamilien er sterkt prega av situasjonane, og tek dette svært tungt. Bufetat har berre gode erfaringar med denne fosterheimen. Dei er omsorgsfulle og ivaretakande menneske. Vi jobbar no med å vareta familien i ei svært vanskeleg tid, seier Søvik.