Sjølv om han bomma tre gonger på standplass, var det ingen som kunne slå den unge stryningen i sporet. Etter gullet på sprinten fredag hadde han eit godt utgangspunkt på jaktstarten under Jr-VM i skiskyting i Kontiolahti.
- LES OGSÅ:
Thingnes Bø gjekk ut 50 sekund før dei andre, og det var aldri snakk om at dei andre kunne ta han igjen, skriv BT.no. Det kunne kanskje sjå skummelt ut undervegs, då ting ikkje klaffa framfor skyteskivene.
Strynegutten bomma totalt tre gonger, to av dei på siste skyting, men så rask som han var i sporet fekk det aldri noko å seie. Thingnes Bø sigla over målstreken heile to minutt før sølvvinnaren Matthias Dorfer frå Tyskland.
Med endå eit gull etter dagens konkurransen har veslebror Bø no to fleire gullmedaljar enn det storebror Tarjei Bø hadde når han var like gamal. Tarjei Bø gleda seg fredag stort over suksessen til den yngre broren.
– Det er veldig imponerande og kjekt for både han og meg. Det er klart eg er stolt over at han får til noko av det eg har gjort, sa Tarjei Bø til NRK.no fredag.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: