- Då blir det alle turistperlene oppover heile det flotte Vestlandet, med Snøveien, Fillefjell, Tyin, Sognefjellsvegen, Gamle Strynefjellsvegen, Trollstigen - full pakke, seier iniativtakar Geir Ellingsen.
Varer fem dagar
Sykkelrittet skal gå over 5 dagar og har ei totallengd på 600 kilometer, seier Ellingsen. Han representerer Re sykkelklubb i Vestfold. Men i det fylket er dei naturgjevne forholda ikkje til stades for eit sykkelritt som har fjell og fjord som dei viktigaste ingrediensane. Det har derimot strekninga Aurland - Lærdal - Årdal - Stryn - Åndalsnes nok av, seier Ellingsen.
Trollstigen blir ein del av Viking Tour.
Turistmagnet
- Det er eit par liknande ritt som går i Alpane. Men i Nord-Eruopa er det kun Vestlandet som har så flotte fjell- og fjordvegar, frå ytst i havgapet til inst i fjordane, seier Ellingsen, som trur Viking Tour vert ein kjempemagnet for syklistar frå Nord-Europa.
- Øydeleggjer ikkje andre ritt
Frå før arrangerer Sogn sykkelklubb det tradisjonsrike Jotunheimen rundt. Også det er ei kraftprøve av dimensjonar, frå djupe dalar til høge fjell. Men Ellingsen trur ikkje Viking Tour vil øydelegge for dette rittet, som blir arrangert tre veker tidlegare:
- Vi trur ikkje vi opererer i same marknaden, sidan det blir mange utlendingar som dreg til landevegsrittet vårt, og tek det som ein aktiv sportsferie. Det er skilnad på å køyre 43 mil i eitt, og eit løp som er fordelt på 10-15 mil om dagen.