Hopp til innhold

Nytt divisjonssystem i fotballen

Årets sesong i 3. divisjon fotball vert heilt utanom det vanlege. Ei omlegging av divisjonssystemet gjer at ingen lag rykker opp, men nesten alle dårlegare enn 4.-plass rykker ned.

Fotballtrening i Stryn

NYTT DIVISJONSSYSTEM: Fotballspelarane i Stryn bur seg på ein sesong utanom det vanlege.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Ein spissar toppen ganske kraftig, samstundes fryktar eg at distriktsfotballen i Norge ikkje kjem til å bli så veldig sterkt representert i toppen av norsk fotball. Det trur eg kjem til å vere ein saga blott i løpet av eitt til to år. Då er distriktslaga vekke frå dei tre øvste divisjonane, seier leiar Geir Kjetil Øvstetun i Årdal.

Stryn, Sogndal2, Florø2, Fjøra og Årdal må alle kjempe om topp-fire plassering i år, for å unngå nedrykk. Med færre avdelingar vert dei øvste divisjonane tøffare. Bakgrunnen for omlegginga er eit ønskje om ein meir stabil 1. divisjon.

Spesiell sesong

Det er eit par tre plussgrader under flaumlyset på Stryn Stadion. Det vert terpa og terpa på presise pasningar. Om få veker tek stryningane på seg dei raude trøyene. Men om dei vinn aldri så mange kampar i år, kan dei ikkje rykke opp. Det kan ingen av laga i årets 3. divisjon.

Frode Hool Egge

SPESIELL SESONG: Stryn-spelar Frode Hool Egge

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er ganske spesielt. Du har jo alltid som mål å rykke opp når du spelar ein sesong, seier midtbanespelar Frode Hool Egge.

Han har mange sesongar bak seg, men ingen blir som denne.

– Det blir rart, det blir litt som eit opprykk når det er færre divisjonar, seier Hool Egge.

Frå 12 til seks

I helga vedtok fotballtinget ei omlegging av divisjonssystemet. 3. divisjon skal reduserast frå 12 til seks avdelingar. Omlegginga gjer at alle laga som vert dårlegare enn 4.-plass og heller ikkje er blant dei beste femmarane ryk rett ned i 4. divisjon.

Johann Sigurdsson

BRA SOM DET VAR: Stryn-trenar Johann Sigurdsson.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Du kan seie at blir du blant dei fire beste, eller blant dei beste femmarane så kan du rekne det som eit halvt opprykk, seier trenar Johann Sigurdsson.

Han tar i år laget sitt mot ein spesiell sesong.

– I ein del divisjonar vil det kanskje kunne bli ein del uinteressante kampar utover hausten for lag som på ein måte ikkje har moglegheit til å rykke opp til den 4. eller. 5.-plassen som lar dei bli i 3. divisjon.

Lengre reiser

Ikkje berre blir det ein tøffare kamp om plassane, meiner Øvstetun. Færre avdelingar betyr og mykje lengre reiseveg. Kor lett vert det å motivere og rekruttere spelarar som må bu seg på 10 timars bussturar til Vard Haugesund?

– For vår del, når vi ikkje har moglegheit til å bruke fly, fordi det blir for dyrt, då brukar du fort to heile dagar berre på å spele ein bortekamp. Då er det klart at mange spør seg sjølve om det er verdt det, seier Øvstetun.