NRK Meny
Normal

Slik blir seriesystemet

Den nye seriestrukturen gir ingen endring på toppen av norsk fotball, men gjer vegen dit mykje vanskelegare.

Follo-keeper

UTSLÅTT: Her fortvilar Follo-keeperen etter at laget vart fjerde sist og rykka ned frå 1. divisjon i fjor. Neste år vil ikkje den plassen gi nedrykk.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

For dei øvste divisjonane blir den største endringa at berre to lag rykkjer direkte ned frå 1. divisjon når strukturen er på plass frå 2017. I dag er det fire lag som må ned.

Samstundes blir talet på avdelingar i 2. og 3. divisjon halvert. Det får konsekvensar også for komande sesong.

2016 blir eit overgangsår i og med den nye seriepyramiden som fotballtinget vedtok i dag.

Det betyr følgjande for sesongen som tek til om to veker:

  • Eliteserien: Ingen endring.
  • 1. divisjon (nivå 2): Ingen endring.
  • 2. divisjon med fire avdelingar (nivå 3): Avdelingsvinnarane rykkjer opp som vanleg. Nummer 2-7 blir i divisjonen, nummer 8-14 rykkjer ned.
  • 3. divisjon med 12 avdelingar (nivå 4): Ingen rykkjer opp. Nummer 1-4 pluss dei åtte beste 5.-plasserte laga i dei ti sørnorske avdelingane går inn i den nye Regionligaen. Frå dei to nordnorske avdelingane går nummer 1-4 inn i Regionligaen. Resten går til kretsligaen, som skal ha 24 avdelingar.

Dette skal leie fram til den nye seriestrukturen som skal gjelde frå 2017:

  • Eliteserien (nivå 1): 1 avdeling med 16 lag, der dei to siste rykkjer ned, og tredje siste laget går til kvalik. Uendra frå i dag, med andre ord.
  • 1. divisjon (nivå 2): 1. avdeling med 16 lag. Dei to beste rykkjer opp, nummer 3-6 til kvalifisering. Dei to siste rykkjer ned, tredje siste laget spelar kvalifisering.
  • 2. divisjon (nivå 3): 2 avdelingar med 14 lag i kvar. Vinnarane rykkjer opp, toarane spelar kvalifisering. Dei tre siste i kvar avdeling rykkjer ned.
  • 3. divisjon (Regionalligaen, nivå 4): 6 avdelingar med 14 lag i kvar. Vinnarane rykkjer opp.
  • 4. divisjon (nivå 5): 24 avdelingar som er inndelt etter kretsgrenser. Forbundet hadde foreslått 18, men etter forslag frå troms blei dette endra til 24.

Siste nytt

  • Tolisso-heading fikset Bayern-seier

    Corentin Tolisso ble matchvinner etter 77 minutter da Bayern München vant 2–1 borte mot Anderlecht i mesterligaen onsdag kveld.

    Robert Lewandowski ga tyskerne ledelsen før Sofiane Hanni utlignet etter 63 minutter.

    Corentin Tolisso
    Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP
  • PSG scoret syv mot Celtic

    Moussa Dembélé sendte Celtic i føringen etter 55 sekunder, men derfra og inn var det PSG for alle pengene.

    Kampen endte til slutt 7–1 etter mål av Neymar (2), Edinson Cavani (2), Kylian Mbappé, Marco Veratti og Dani Alves.

     Edinson Cavani (C) celebrates after scoring with teammates Paris Saint-Germain's Brazilian striker
    Foto: Franck Fife / AFP
  • Atletico holder liv i drømmen

    Atlético Madrid vant 2–0 over Roma, og har med det fortsatt håp om avansement fra mesterligaens gruppe C.

    Antoine Griezmann og Kévin Gameiro gjorde målene for det spanske hovedstadslaget.

    Champions League - Atletico Madrid vs Roma
    Foto: Juan Medina / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal