Hopp til innhold

Elisabeth nyter det gode båtlivet på festival saman med hundrevis av andre

SKJERJEHAMN (nrk.no): Dette er verkeleg det gode liv! Det meiner Elisabeth Hjønnevåg som har kome sjøvegen til Utkant-festivalen i Gulen.

Utkant 14

DET GODE BÅTLIV: Elisabeth Hjønnevåg, Arne Hafsås og Simen Norman nyter sjølivet på Utkant-festivalen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Solund-jenta, om til vanleg livnærer seg som kokk, har denne helga prioritert vekk gryter og kokkeknivar for fritid på Utkant-festivalen på Skjerjehamn.

– Vi kom med båten i går rett frå Hjønnevåg, det er jo trass alt ikkje lengre turen. No skal livet berre nytast, fortel Elisabeth.

Då NRK møter ho laurdag, er ho på tur med to av dei friviljuge båtvaktene på festivalen, Arne Hafsås og Simen Norman frå Gulen.

Dei to båtvande karane sørger for at folk i båtområda har det bra - og at dei har løyst billett til festivalen.

– Det er veldig, veldig kjekt å få vera med her som friviljug. Dessuten så føler vi vel at vi er med og gjer ein viktig jobb for festivalen, fortel ein smilande Arne Hafsås.

Han bur til vanleg i kommunesenteret Eivindvik, men har ingen vanskar med å setje av tid til å jobba for Utkant.

– Berre sjå på stemninga og vêret, her er det godt å leve, meiner Hafsås.

Seint fredag kveld hadde kring 350 båtar betalt og lagt seg til i båthamna, og dei aller fleste ombord tok turen på land for å få med seg ein eller fleire av dei mange konsertane.

Under konserten med hardrockbandet Slegest frå Leikanger, var det endåtil nokre av båtfolket om dansa swing. Rytme er rytme!

Er du på festivalen og legg ut bilete på Instagram, merk dei gjerne med #nrksf - så kan vi bruke bileta på sidene våre!

Utkant 14

GLAD-FESTIVAL: Det har vore lite sure fjes å sjå på festivalen i Skjerjehamn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Instagram Sogn og Fjordane
Laster innhold, vennligst vent..