Hopp til innhold

Nyfjell komen til kai i Måløy

Ein båt lasta med grus og sand har gått på eit skjer ved Skatestraumen. Båten byrja å ta inn vatn då redningsskøyta skulle trekke den av grunn.

Redningsskøyta nær havaristen

BERGING: Redningsskøyta Halfdan Grieg har hjelpt til under bergingsaksjonen av Nyfjell som gjekk på grunn fredag morgon.

Foto: RS halfdan Grieg

Nyfjell er komen til kai i Måløy. Seinare skal ein dykkar med kamera inspisere skadane får NRK opplyst frå redningsskøyta.

Det var tidlegare i dag uklart kor store skadar båten hadde etter grunnstøytinga og kva som var beste måten å få den av grunn og til kai på.

– Då vi byrja å dra i den så viste det seg at det kjem inn vatn i maskinrommet, så vi droppar å prøve å ta den av skjeret. Vi har fått om bord ei lensepumpe, og håpar å hindre at båten tek inn meir vatn, sa Per Bergmann, skipper på redningsskøyta Halfdan Grieg.

Like før klokka 08 melde skipperen at dei kvittar seg med lasta i båten.

– No har dei starta å dumpe stein på sjøen, og akkurat no kjem det to taubåtar som truleg skal prøve å dra båten av, sa Bergmann.

Han har tidlegare fortalt at det ikkje ser ut som det kjem inn mykje vatn. Det har ikkje vore behov for å pumpe ut vatn kontinuerleg, og holet på båten skal vere mindre enn frykta.

Gjekk på skjer i morgontimane

Meldinga om at Nyfjell hadde gått på grunn på eit skjer ved Risøya i Skatestraumen kom like før klokka halv fem fredag morgon. Båten er lasta med stein og grus. Det er førebels uklart kor mykje vatn som kjem inn i båten, men vatnet skal ikkje stå høgt inne i båten.

– Det er fem personar om bord, ingen personskade. Dei ser ikkje noko lekkasje, og dei reknar med å kome seg av sjølve, fortalde Olav Vaage ved Hovudredningssentralen på Sola til NRK like etter at meldinga tikka inn.

Redningsskøyta Halfdan Grieg ligg no like inntil båten, og dersom situasjonen skulle utvikle seg kan mannskapet på Nyfjell kome seg dit.

Helfdan Grieg på oppdrag for å berge Nyfjell i Skatestraumen.

BERGING: Redningsskøyta Halfdan Grieg prøvde å trekke Nyfjell av grunn, men då starta lasteskipet å ta inn vatn.

Foto: RS Halfdan Grieg

Vurderer neste steg

Det er førebels uklart kva som er årsak til at båten har gått på grunn. Vaage opplyser at området skal vere godt merka, og at det ikkje skal vere utfordrande å navigere der. Politiet er ikkje kopla inn i saka, opplyser operasjonssentralen.

– Det er ikkje noko dramatikk så langt. Dei fem er trygge om bord, seier Vaage.

Det er også to slepebåtar på veg til området frå Florø, og beredskapsbåten Bo Heimdal ligg i nærleiken. Det er litt vind, men ikkje vanskelege vêrtilhøve i området.

– No skal vi prøve å få stabilisert vassinntrenginga, og pumpe ut meir vatn enn det kjem inn, så får vi sjå kva vi gjer vidare. Vi må vurdere skadane og truleg få ein annan båt til å kome og hente lasta, seier Bergmann

Risøya