Av
Advokat Sjur Vinje nemner spesielt ein journalist som kjenner forholda i Moldova godt. Vinje seier denne journalisten har god kjennskap til problemet kring sex-handel i Moldova.
Kvit slavehandel
Og det er nettop kvit slavehandel som blir eitt av to hovudtema under rettssaka. Det andre er sakshandsamingsfeil i Utlendingsdirektoratet. Dei to søstrene var gjennom sine obligatoriske intervju i Utlendingsnemnda då dei kom hit, men historiene deira og frykta deira for å bli selde som sex-slavar var ikkje gode nok til å få opphald her.
Samla inn pengar
Dei to tapte også saka dei reiste i Oslo tingrett for sakshandsamingsfeil. No prøver dei saka for lagmannsretten etter at bygdafolk og andre har samla inn 250.000 kroner. Vinje vil også føre eit vitne som han trur kan gje nye opplysningar om asylintervjuet jentene var gjennom i UDI.