Tre spesialbilar køyrer i kolonne frå Måløy til Mehuken på Kvalheimsfjellet med delane til dei tre vindmøllene som skal erstatte dei fem møllene som har vore i sving sidan 2001. Turbinane kom til Måløy med båt for snart to veker sidan, og denne veka starta transporten opp til Kvalheimsfjellet.
Dagleg leiar Olav Rommetveit i Kvalheim Kraft seier at dei tre spesialbilane køyrer i kolonne ein tur for dagen.
– Det er i alt 30 komponentar som skal opp til Mehuken, så det tek 10 dagar.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Tre gonger så effektive
Dei nye og meir moderne turbinane har ei tårnhøgde på 64 meter og blir kalla Mehuken III. Dei nye turbinane produserer tre gonger så mykje kraft som dei 14 år gamle møllene med 49 meters tårnhøgde og som no er fjerna.
I 2011 var Mehuken II ferdigstilt. Då var åtte nye vindmøller på plass og i produksjon. Når dei tre nye er sette opp vil det vere 11 turbinar som lagar straum av den så godt som aldri kvilande vinden over Kvalheimsfjellet. Saman produserer dei nok straum til å dekke privatforbruket i heile Vågsøy kommune.
– Kortreist og fornybar straum til lokalsamfunnet, seier Rommetveit.
Kanskje i gang i august
Dei tre nye turbinane skal reisast på same staden som tre av dei fem gamle møllene, men det er bygt nye fundamentgroper og fundament fordi dei nye er større enn dei gamle. Når rotoren er på topp er avstanden ned til bakken 99,5 meter.
Etter planen skal dei vere klare til å produsere kraft i oktober i år. Men Rommetveit håpar dei skal greie det litt før.
– Turbinane blir monterte i juni og juli, så kan vi gå i gang med ein testperiode der møllene sakte blir køyrde opp mot fullt tempo, kanskje kan vi vere i gang i august.
Låg kraftpris
Vindmølleparken på Mehuken var god butikk for Kvalheim Kraft dei første åra, men for tida er kraftprisen så låg at det er tidleg å seie om den nye investeringa vil svare seg, seier dagleg leiar Olav Rommetveit.
– Det veit vi sikkert først om 20 år, men det ser lovande ut, i og med at dei nye møllene produserer tre gonger så mykje kraft som dei gamle.
Rommetveit seier dei har merka svært lite motstand mot vindmølleparken frå folk i Vågsøy.
– Vi har heile tida hatt god støtte frå naboar og Vågsøy kommune.