NRK Meny
Normal

Her får Luster ras-rapporten som kan bety dyrare tomter og husbygging på matjord

GAUPNE (NRK): I brattlendte Luster ligg svært mange bygningar i område med skredfare, viser ny NVE-rapport. Rasgransking kan gjera det meir krevjande å få bygd nok hus i kommunen.

Jarle Skartun og Brigt Samdal

SKREDFAREN DOKUMENTERT: Den nye rasfarekartlegginga frå Brigt Samdal (t.h.) og NVE gjer det meir krevjande for Luster-rådmann Jarle Skartun å få bygd nok hus i kommunen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg trur nok me må vera så ærlege å seia at me kjem til å møta nokre utfordringar her.

Rådmann Jarle Skartun har nettopp fått overlevert Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE) si omfattande rasfaregransking for Luster kommune og har gått av kommunehuset for å visa ei kjend problemstilling for kommunen: Rasfare og bustadbygging.

Rådmannen peikar opp mot byggjefeltet Røslebakkane, der husa fekk steinsprang over seg. Då måtte kommunen byggja ein rasvoll og riva fire rasutsette bustadhus.

19000 i rasfare

I mange skredfarlege kommunar, som i Luster, kan det bli meir krevjande å få bygd nok hus. For NVE starta for tre år sidan ei omfattande nasjonal gransking av skredfaren på 200 plassar i landet.

Jarle Skartun

KREVJANDE HUSBYGGING: – Me må vurdera om me skal gjera nye og meir omfattande sikringstiltak, seier rådmann Jarle Skartun.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Berre i Sogn og Fjordane er det plukka ut 41 område, mellom anna fordi 19000 – nesten ein femtedel av innbyggjarane i vestlandsfylket – bur i område med rasfare.

Så langt er NVE snart ferdig med tjue granskingar, og i går overleverte regionsjef Brigt Samdal den så langt mest omfattande rasfarekartlegginga – til Luster kommune:

– I Luster er jordskred, steinsprang eller snøras den største faren. Men òg ein del vassdrag kan by på utfordringar.

Press på matjorda aukar

NVE-rapporten dokumenterer at svært mange bygningar i kommunen allereie ligg i område med skredfare. Når Luster i tillegg har folketalsvekst og dermed treng fleire nye hus til tilflyttarane, betyr det at meir husbygginga på flatene, der den gode matjorda ligg, vil tvinga seg fram.

– Til dømes her i Gaupne har me allereie måtta utfordra meir dyrka landbruksareal enn ønskeleg, fordi det er vanskeleg å byggja i bratta, seier rådmann Skartun.

Dyrare tomter

Ivar Kvalen

KOSTBARE TOMTER: Luster-ordførar Ivar Kvalen opnar for igjen å sjå på eit byggjefelt i Gaupne som vil krevja at massen i grunnen blir skifta ut.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I Gaupne sentrum var det planlagt eit nytt bustadfelt, men så fann kommunen kvikkleire i grunnen, som aukar risikoen for flaumskred. Kommunen tok difor bustadfeltet ut av kommuneplanen, men no kan politikarane bli tvinga til å sjå på dette feltet på nytt, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp):

– Me veit at slik område blir utnytta andre plassar i landet, men det er eit kostnadsspørsmål.

– For viss de tyr til det feltet, må de skifta ut massen i grunnen, og kva vil bety for prisen?

– Det blir ei fordyring, utan tvil.

Vurderer nye tiltak

Luster kommune har allereie gjort ei rekkje tiltak mot havnivåstiging, flaum og skred, men den nye dokumentasjon frå NVE kan bety nye tiltak i rasfarlege område, der det bur folk.

– Denne rapporten kan gi oss innspel til å gå etter planane på nytt og vurdera om me skal gjera nye og meir omfattande tiltak, seier Skartun.