Hopp til innhold

Nye funn av E.coli i Gildevarer

- Funnet av E.coli i varer frå Terina på Tynset, får lite å seie for anlegget i Sogndal, seier informasjonssjef i Gilde Vest, Grethe Skundberg.

Terina sitt anlegg i Sogndal.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Anlegget på Tynset i Østerdalen leverer råvarer til Terina i Sogndal. Men ifølgje Skundberg har det ikkje blitt levert kjøt til Sogndal frå akkurat dette partiet, som det no er funne E.coli i.

- Partiet det no er funne E.coli i vart sett til side på grunn av mistanke alt i november, og at ikkje noko av dette kjøtet er ute i marknaden.