Hopp til innhold

Nye bygder får breiband

På sju stader i Sogn og Fjordane blir det no bygt ut breiband med god kapasitet, etter at det kjem 24,1 millionar kroner frå staten til føremålet.

Legging av breiband

MYKJE GRAVING FRAMOVER: I seks av kommunane i fylket kan folk sjå fram til betre breibanddekning.

Foto: Olav Skarsbø / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndighet som tildeler Sogn og Fjordane denne summen. Dette løyser ut nye millionar frå både Sogn og Fjordane fylkeskommune og dei aktuelle kommunane, slik at det til saman blir 60 millionar kroner til utbygging.

Innbyggjarane i bygdene som no får breiband, må òg bidra med eigne midlar eller dugnad i samband med utbygginga. Det gir minst 1900 husstandar breiband med god kapasitet.

– Dette er gledeleg, og det er ei stadfesting på at koordineringsjobben vi gjer gjennom IT-forum og fylkeskommunen utgjer ein skilnad, seier styreleiar i IT-forum, Gunnar Hæreid og fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

112 millionar sidan 2014

Sidan 2014 har Sogn og Fjordane fått 112 millionar i nasjonale midlar til bygging av breiband i fylket, og mange bygder har gjennom samarbeidet fått framtidsretta breibandløysingar.

Her er dei prosjekta som får løyving frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet:

  • Mo-Sunde i Førde kommune - 2.500.000 kr
  • Rørstad-Viksdalen i Gaular kommune - 3.150.000 kr
  • Dalsskaret-Ervik i Selje kommune - 1.410.000 kr
  • Restområde i Gloppen kommune - 6.694.800 kr
  • Brekke, Byrknes, Dalsøyra og Eivindvik i Gulen kommune - 6.000.000 kr
  • Lavikdalen og omland i Høyanger kommune - 950.000 kr
  • Veitastrond - Mollandsmarki og omegn i Luster kommune - 3.400.000 kr.