Hopp til innhold

Ny terapiform reddar liv

Nordfjord psykiatrisenter prøver ut terapiform frå USA med gode resultat.

Video Ny terapiform reddar liv.

Frå Vestlandsrevyen onsdag.

- Her har eg kutta meg mange gonger, og kutta av ein finger. Det har vore kjensle av kaos inni meg, seier ein av pasientane og viser fram armen med mange titals arr.

- Den siste veka har vore veldig bra

Nordfjord psykiatrisenter er ein av dei fyrste som testar ut ei ny terapiform frå USA. Det er dialektisk atferdsterapi. Her vert dei meir bevisste eigne kjensler, og lærer å takla det vonde betre

- Den siste veka har vore veldig bra. No er det min tid å leva. Sjølv om eg byrjar å koma oppi åra, har eg lang tid att, seier pasienten.

- Me gjev dei ei alternativ måte å takla krise på i høve det ein har funne fram til før. Det har me ikkje vore så flinke på tidlegare. Om ein føler ubehag eller tristleikskjensle, så prøver me å få pasienten til å finna på noko alternativt. Det er aktivitetar som skal verka lindrande, til dømes gå ein tur på fjellet, seier psykiater Petter Bugge på Nordfjord psykaitrisenter.

Gode resultat

Ny norsk forsking på slik terapi vart i dag presentert på Eid. Den stadfester dei gode resultata.

- Behandlinga skal gje folk eit liv som er verd å leva. Forsking på vaksne som har fått denne behandlinga viser at det skjer. Dei finn nye måtar å løysa problema på, seier Lars Mehlum i nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og -førebygging.