Hopp til innhold

Ny stadion klar til fotballstarten

Sogndal møter Bodø Glimt på Fosshaugane 2. april. I dag ser stadionanlegget framleis ut som ein byggeplass.

Men arbeidet med Fosshaugane Campus er i rute og om ein månad er bana klar til kamp, seier dagleg leiar Yngve Hallén.

Alt i rute

Byggningsmassen på Fosshaugane Campus har reist seg, og monteringa av stolseta på tribunane tek altså til måndag. Arbeidet med å ferdigstille Campus-anlegget låg lenge etter skjemaet, men no er alt i rute, seier Hallen. Sjølv om anlegget framleis vil bere preg av å vere ein byggeplass når fotballen rullar i gang igjen 2. april.

- Delar av området vil nok vere ein byggeplass, men det trur eg ikkje publikum vil merke, seier han.